Publisert: , Oppdatert:
- Johan Marius Ly

- Ny fase for U-864

Første skritt på vegen for å fjerne forureiningsfaren frå kvikksølvet ved U-864 blir teke våren 2016, med bygging av støttefylling ved forskipet. Støttefyllinga som blir bygd er heilt nødvendig for å sikre at vidare tiltak ved ubåtvrakdelane kan gjennomførast med så låg risiko som mogeleg.

Vrakdelene til U-864 ligger i et geoteknisk ustabilt område. (Foto: Kystverket)
Vrakdelene til U-864 ligger i et geoteknisk ustabilt område. (Foto: Kystverket)

Artikkelforfattar Johan Marius Ly er beredskapsdirektør i Kystverket og er prosjekteigar for U-864. (Foto: Kystverket)

"Sidan 2003 er det gjennomført ei rekke utgreiingar og undersøkingar i samband med forureiningsfaren frå U-864. Både nasjonal og internasjonal ekspertise har delteke i arbeidet og U-864 er utan tvil det skipsvraket som er best utgreidd i norsk historie.

Vi har stor forståing for at lokalbefolkninga på Fedje synest arbeidet har teke lang tid. Derfor er det gledeleg at vi om snaue to månader går over i ein ny fase for U-864 når vi startar bygging av støttefyllinga.

Nye grunnundersøkingar i tiltaksområdet rundt U-864 i 2013, gav utfyllande informasjon om sjøbotnen i området. På bakgrunn av denne tilrådde geoteknisk ekspertise at utlegging av støttefylling ved forskipet til U-864 burde settast i gong så raskt som mogeleg.

Forskipet ligg i ei skråning der sjøbotnen er svært ustabil. Arbeid og rørsle på og rundt vraket vil dermed kunne utløyse ras og ytterlegare spreiing av kvikksølvforureina sediment. Støttefyllinga må byggast uavhengig av kva hovudtiltak som blir valt for å handtere forureininga frå U-864.

Nederlandske Van Oord skal bygge støttefyllinga. Dei er blant dei verdsleiande aktørane innan utlegging av massar på sjøbotnen og har lang erfaring med tilsvarande oppgåver i samband med offshore-industrien i Nordsjøen. Om lag 100 000 tonn reine massar skal leggast kontrollert og presist ved hjelp av eit spesialkonstruert skip.

Vi stiller strenge miljøkrav til arbeidet og målet er inga spreiing av kvikksølv som følge av operasjonen. Norsk institutt for vassforsking (NIVA) vil vareta miljøovervakinga under operasjonane på sjøbotnen, på vegne av entreprenøren Van Oord.

Miljøovervakinga av arbeidet vil vere blant dei mest omfattande som nokon gong er gjennomført ved undervassoperasjonar i Noreg. Kystverket vil også legge til rette for at publikum får tilgang til resultata frå overvakingsprogrammet og jamlege oppdateringar om framdrift. Slik får vi tryggleik i operasjonane som utførast og god informasjonsflytt til befolkninga.

Over 70 år etter at U- 864 med si kvikksølvlast sokk utanfor Fedje, viser 11 år med overvaking at fisk frå området ved ubåten ikkje har høgare kvikksølvinnhald enn fisk frå andre delar av norskekysten. Det er Kystverkets klare mål at slik skal det også fortsette å vere."

Siste nytt