Publisert: , Oppdatert:

Nyare historie - 1974 -->

I 1974 vart Norsk Fyrvesen, Norsk Losvesen og Norsk Havnevesen slegne saman til ein statleg etat med namnet Kystdirektoratet. I 1981 vart omgrepet Kystverket teke i bruk, samstundes med oppbygginga av distriktsorganisasjonen med regionale distriktskontor i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg. Kystverket er nemninga på etaten i sin heilskap, medan Kystdirektoratet var den leiande eininga, direkte lagd under Fiskeri- og kystdepartementet.

I 2002 vart direktoratet flytta frå Oslo til Ålesund. Distriktskontora fekk spesialansvarsområde, i form av kompetansesenter for ulike fagområde i etaten. Kystverket Rederi, lokalisert i Ålesund, blei skilt ut som eiga eining.

Beredskapsavdeling for akutt forureining - tidlegare ein del av Statens Forurensningstilsyn (no  Klima- og forurensningsdirektoratet/Klif) - vart i 2003 ein del av Kystverket. Avdelinga har sitt hovudsete i Horten, med utestasjonar i Bergen og Tromsø. Ho vart organisert som del av Kystdirektoratet. 

I 2007 gjekk ein vekk frå nemninga Kystdirektoratet. I staden heiter det no Kystverkets hovudkontor. Samstundes skifta distrikta namn til regionar.

Kystverket er i namnet ein ung etat, men han har lange tradisjonar gjennom forgjengarane; Fyr- og merkevesenet, Losvesenet og Havnevesenet.

Nye oppgåver har kome til etter kvart. Sjå fleire deltema av historia under Kystverket si nyare historie.

Siste nytt