Publisert: , Oppdatert:
- Sveinung Nedregotten

Avhending av statlege fiskerihamner

Kystverket skal avhende statlege fiskerihamner med ingen eller liten betydning for fiskerinæringa. Her kjem ei oversikt over kva for fiskerihamner som er klare for sal.

Mange av dei statlege fiskerihamnene er i dag ikkje lenger næringsaktive. Kystverket har dei siste åra hatt i oppdrag å avhende desse hamnene.

Stortinget og Samferdseldepartementet har bestemt at Kystverket skal gi tilbod om fortrinnsrett til moglege kjøparar i følgjande prioriteringsrekkefølgje:

1. Statlege institusjonar (vederlagsfri overtaking)
2. Kommunale eller fylkeskommunale institusjonar (til takst)
3. Foreningar med allmennyttige føremål (til takst)
4. Private (på den opne marknaden)

Følgjande hamner er i avhendingsprosess:

Namn på fiskerihamn

Kommune

Fylke

Takst

Status

Haram

Haram

Møre og Romsdal

  500.000

Annonsert for velforeiningar Frist: 10/7-18

Longva

Haram

Møre og Romsdal

  500.000

Annonsert for velforeiningar

Frist: 10/7-18

Rogne

Haram

Møre og Romsdal

  500.000

Annonsert for velforeiningar

Frist: 10/7-18

Lausund

Haram

Møre og Romsdal

 450.00 for hovudmolo og 100.000 for molo ved mottaksanlegget

Annonsert for velforeiningar

Frist: 10/7-18

Hamnevågen

Sandøy

Møre og Romsdal

  400.000

Annonsert for velforeiningar
Frist 10/7

Ramsøy

Askøy

Hordaland

2.100.000

Er sendt ut på offentleg avklaringsrunde (først statlige institusjonar, så kommunale/fylkeskommunale institusjonar)

Follese

Askøy

Hordaland

  800.000

Er sendt ut på offentleg avklaringsrunde

Skjærbukta *

Hammerfest

Finnmark

50.000

I prosess med lokale velforeiningar

Jæktvika *

Harstad

Troms

  100.000

I prosess med lokale velforeiningar

Forså *

Tysfjord

Nordland

    50.000

I prosess med lokale velforeiningar

Tjøtta *

Alstahaug

Nordland

1.300.000

Klar for prosess med lokale velforeiningar

Sørfugløy *

Gildeskål

Nordland

Takst under arbeid

Deretter offentleg avklaringsrunde

Orten *

Sandøy

Møre og Romsdal

  300.000

Klar for prosess med lokale velforeiningar

Blindheim *

Giske

Møre og Romsdal

  425.000

Klar for prosess med lokale velforeiningar

Vikebukt *

Giske

Møre og Romsdal

2.000.000

Klar for prosess med lokale velforeiningar

Storholmvågen*

Fræna

Møre og Romsdal

 Ny takst 500.000

Blir annonsert på nytt

 Lysvold*

 Tysfjord

 Nordland

 50. 000

 Klar for avhending til org. med almennyttige føremål

 Lille Arøya  Larvik  Vestfold  120. 000  Sendt statlege instituasjonar, Statbygg, fylkesmannen samt Larvik kommune og Vestfold fylkeskommune. Frist: 01.08.2018
 Narestø  Arendal  Aust-Agder  120. 000  Sendt Arendal kommune og Aust-Agder fylkeskommune. Frist: 01.08.2018
         

Dei ovannemnde fiskerihamnene merka med * er saker som er sendt til Forsvarsbygg, som på oppdrag frå Kystverket står for avhending av desse.

Kystverkets Hovudkontor står sjølv for avhendingsprosessane i dei andre sakene.

Fleire hamner er snart klare for avhending

Fleire Ikkje-næringsaktive fiskerihamner i Smøla og Herøy kommune i Møre og Romsdal er under taksering, og avhendingsprosessen for desse går vidare etter at takstrapportar er mottekne. Desse blir klare i løpet av sommaren. Fleire takstar og saker er og under arbeid i Kystverkets region Vest og Sørøst.

Følg med på denne sida for når nye hamner kjem for sal!
Kort adresse: www.kystverket.no/avhending

Siste nytt