Publisert: , Oppdatert:
- Erika Marlen Støylen

Tilskot til hamnesamarbeid

Tilskot til hamnesamarbeid skal bidra til meir gods på sjø ved at konkurranseevna til sjøtransporten ovenfor veg vert styrka gjennom auka transportkvalitet og/eller reduserte prisar.

Kven kan søke?

Norske hamner, kommunar og aktørar i samarbeid med ei norsk hamn.

Søknadsfrist 2. utlysning

20.04.2017

Type prosjekt som kan motta støtte

  • Styrking av kompetanse innan logistikk, transport og/eller marknadsføring.
  • Avtaler om felles bruk av infrastruktur eller system.
  • Juridiske, organisatoriske og økonomiske vurderingar som avgjerdsgrunnlag for:
    o Samanslåing av hamnene,
    o Etablering av IKS og/eller
    o Etablering av fellesfunksjonar.

Før tilskot vert innvilga, vil Kystverket vurdere prosjektet ut frå korleis det vil bidra til meir gods på sjø. Prosjekt som gir rasjonelle samarbeidsløysningar vil bli prioritert. Prosjektet må ha ein juridisk prosjektansvarleg for finansiering, gjennomføring og rapportering. Nærare informasjon om kriterium for tildeling vert gitt i retningslinene for ordninga.

Utlysinga skjer med atterhald om at det vert avsett midlar i Statsbudsjettet for 2017.

Korleis søke?

Nytt søknadsskjema som du finn under Relaterte dokumenter nederst på denne sida. Søknaden skal vere skriftleg og i samsvar med Samferdselsdepartementet sine retningsliner for ordninga, fastsett 12. februar 2015.

Søknad med eventuelle vedlegg sendast elektronisk til Kystverket sitt hovudkontor innan 20. april 2017.

Ved behov kan hovudkontoret til Kystverket rettleie i søknadsprosessen.

Viktige fristar

  • Søknadsfrist er 20. april 2017.
  • Tilskot vert utbetalt på grunnlag av godkjent sluttrapport og rekneskap. Desse skal vere Kystverket i hende innan 30. november 2017.

Kontaktinformasjon

Erika Marlen Støylen, erika.marlen.stoylen@kystverket.no
Jens Aarsand Sæter, jens.aarsand.sater@kystverket.no

Fakta

  • Tilskotet vert finansiert over Statsbudsjettet kapittel 1360, post 71, og utgjer 10 millionar norske kroner.
  • Kystverket er tilskotsforvaltar med ansvar for kunngjering, søknadshandsaming, tildeling og utbetaling av tilskot.
  • Tilskota er øyremerka til hamnesamarbeid og krev eigenfinansiering av minimum 50 prosent av prosjektkostnadane.
  • Tilskot vert gitt som løyvingar innan budsjettåret 2017 og må vere utbetalt året tilskotet vert tildelt.
  • Tilskotet vert gitt etter reglane om bagatellmessig støtte.  Dette inneber at den samla støtta ikkje kan overstige € 200 000 over ein periode på tre år. Søkarar må oppgi tilsegn om offentleg støtte dei siste tre åra, inkludert gjeldande år.

 

Relaterte dokumenter

Siste nytt