Publisert: , Oppdatert:

Søk tilskot til godsoverføring frå veg til sjø

Tilskotet rettar seg mot sjøtransporttilbod mellom norske hamner (kystfart), og mellom norske hamner og hamner i EØS-området (nærskipsfart). Tilskotet gis til reiarar i inntil 3 år.

Kven kan søke?

Reiarar etablert innan EØS-området med skip registrert i eit EØS-land.

Søknadsfrist

15. mai 2018

Kva kan du søke om tilskot til?

Ordninga skal primært bidra til at det etablerast nye kyst- og nærskipsfartstenester for gods mellom norske hamner, og mellom norske hamner og hamner i EØS-området. Under særskilde tilfelle kan det givast tilskot til oppgradering av eksisterande tilbod som opplever sviktande lønsemd, og det kan påvisast at godset vil bli overført frå sjø til veg ved nedlegging.

Tilskotet vert tildelt med føresetnad om at den nye godsruta genererer samfunnsnytte (nytteverdi), er avhengig av støtte for å etablerast og at den vil vere levedyktig etter støtteperioden. Nytteverdien utgjer forskjellen i dei eksterne kostnadane mellom sjø- og vegalternativet og skal førehandsbereknast.

Verdien vert berekna ved hjelp av berekningsverktøyet til Kystverket som ein finn her (verktøyet fungerer best med Google Chrome).

Korleis søke?

Kystverkets elektroniske søknadsskjema skal nyttast.
Søknaden skal vere i samsvar med Samferdselsdepartementet sine retningsliner for ordninga.

Nærare informasjon om kriterium for tildeling finn du i Samferdselsdepartementet sine retningsliner for ordninga.

Kystverkets rettleiar til utforming av søknad finn du her. Vidare byr Kystverket på individuell rettleiing etter ynskje og behov.

Vi tilrår eit møte med Kystverket for avklåring av prosjektet sitt grunnlag for kvalifisering for støtte før søknaden blir forma ut. 

Kontaktinformasjon

Erika Marlen Støylen, ansvarleg sakshandsamar, epost

Fakta

  • Tilskot til overføring av gods skal primært bidra til etablering av nye sjøtransporttilbod
  • Tilskotet vert finansiert over statsbudsjettet kapittel 1360, post 72, og utgjer 75 millionar norske kroner i 2018.
  • Søknadsfrist 15. mai 2018

Relaterte dokumenter

Siste nytt