Publisert: , Oppdatert:
- Bjørnar Kleppe

AIS Norge

AIS er eit automatisk identifikasjonssystem som er innført av IMO, sjøfartsorganisasjonen til FN, for å auke tryggleiken for skip og miljø, og forbetre trafikkovervaking og sjøtrafikktenester.

Kystverket etablerte i 2005 nettverket AIS Norge, som består av om lag 60 basestasjonar som fangar opp informasjon om alle skip over 300 bruttotonn som seglar i internasjonal fart.

AIS Norge registrerar tre typar informasjon:

  • dynamisk (posisjon, kurs, fart)
  • statisk (identitet, skipstype, dimensjonar)
  • detaljer om seglinga (destinasjon, antatt framkomsttid, last, djupgåande)

Dekningsområdet til ein AIS basestasjon er avgrensa til VHF- rekkevidde. Kystverket sitt AIS- nettverk dekker, med enkelte unntak, området frå grunnlinja og 40-60 nautiske mil ut frå kysten.
AIS- nettverket mottar alle AIS- meldingar frå farty liggjande innanfor dette dekningsområdet. I 2015 vart alle AIS-basestasjonane fornya og kan da fange opp enda fleire AIS-signal frå skipsfarten over større områder.

AIS er eit viktig overvakingsverkty i den nasjonale beredskapen langs kysten. Kystverket drifter AIS Norge og er ansvarleg for å vidareformidla AIS-informasjon til andre offentlige myndigheiter. Hovudredningssentralane, Kystvakta og politiet er nokon av brukarane som nyttar AIS i sin daglege drift.

AIS Norge har kapasitet til å lagre AIS data over fleire år. Dataen brukast blant anna til å kartlegge transportmønster og trendar i samband med transportplanlegging og analysearbeid.

Siste nytt