Publisert: , Oppdatert:
- Bjørnar Kleppe

AIS i kombinasjon med andre system

Ved å kombinere AIS data med andre maritime informasjonssystem kan kvaliteten på statisk og seglingsrelatert informasjon om eit skip bli betydelig forbetra.

AIS bidrar med dynamisk skipsinformasjon (posisjon, kurs, fart) med høy oppdateringsrate og nøyaktigheit. Den statiske (identitet, skipstype, dimensjonar) og seglingsrelatert (destinasjon, ETA, last, djupgåande) informasjonen frå AIS er meir avgrensa i omfang og kan i mange tilfeller vere mangelfull.

Ein kombinasjon av data frå rapporteringssystemet SafeSeaNet Norway (SSN N) kan gi informasjon om fartyet sin destinasjon og estimerte innkomsttid og om fartyet går med farleg eller forureinande last. Dette er viktig informasjon for blant anna sjøtrafikksentralane og oljevernberedskapen til Kystverket. I tillegg gir SafeSeaNet Norway informasjon om tal på personar ombord, som er viktig informasjon under søk og redningsaksjonar.

Kombinert med data frå skipsregistra, som er tilgjengelig i SafeSeaNet Norway, får ein meir eksakt informasjon om sjølve fartyet enn ein vil kunne få frå AIS. Slik informasjon er for eksempel tonnasje, alder, klasse, eigarskap, maskineri, utstyr, lastekapasitet og dimensjonar.

Siste nytt