Publisert: , Oppdatert:
- Bjørnar Kleppe

AIS om bord i skip

AIS ble først etablert som eit antikollisjonshjelpemiddel for skipsfarten. Farty som har AIS-transpondar om bord kan sende ut dynamisk informasjon om egen identitet, fart og kurs til næregåande skip, og ta imot tilsvarande informasjon frå skip i nærleiken.

Om bord i eit skip vil AIS- informasjon mottatt frå andre skip vere eit supplement til radarbasert informasjon.

AIS bruker lengre bøljelengde enn radar og gir av den grunn betre dekning bak hindringar dersom terrenghøgda ikkje er for stor. Vidare vil ein ved hjelp av AIS kunne skilja ut skip som elles vil gå i eit med land eller andre radarekko.

Informasjonen pakkes i standardiserte meldingar og sendes ut ved bruk av internasjonalt avsette kanalar i det maritime VHF bandet. Statisk og seglingsrelatert informasjon sendes kvart 6. minutt eller ved endring av data. Dynamisk informasjon sendes med 3 minuttar til 2 sekunders oppdateringsrate, avhengig farten og kursendringane til fartyet.

Rekkevidda til AIS er avgrensa av VHF rekkevidde, som først og fremst blir avgjort av antennehøgda. Typisk rekkevidde frå et farty på sjøen er 20 nautiske mil.

Det finnes to ulike klasser AIS. AIS klasse A omfatter AIS-transponderar som er om bord i skip (omfatta av IMO SOLAS konvensjonen frå 1974), mens AIS klasse B er AIS-transponderar for bruk på land (AIS basestasjonar), på fyr og merker, ombord i lystfarty og om bord i redningshelikopter og -fly.

Siste nytt