Publisert: , Oppdatert:
- Bjørnar Kleppe

AIS som eit verkty for overvaking

AIS visar opplysningar om farty i sanntid og har stor nytteverdi i sivil maritim trafikkovervaking, men også i samband med fleire andre myndigheitsoppgåve.

Trafikkovervaking

Kystverket opererer i dag fem maritime sjøtrafikksentralar. Desse er lokalisert i Horten, Brevik, Kvitsøy, Fedje og Vardø. Sjøtrafikksentralane driver sivil trafikkovervakning, trafikkregulering, trafikkleiing og anna service overfor sjøvertstrafikk. Formålet er å auke tryggleik og framkomme i farleier med relativt tett og komplisert trafikkmønster.

Saman med radar gir AIS trafikkleiarane eit komplett bilde av trafikksituasjonen innanfor ansvarsområda til sjøtrafikksentralane. AIS-nettverket AIS Norge vart nytta av Kystverket sine sjøtrafikksentralar som ein sensor for informasjon om fartyet sin posisjon, kurs, fart, og identitet. Kystverket sine maritime trafikkleiarar kan også nytta AIS-nettverket til å sende ut tryggleiksrelaterte meldingar til farty. I visse tilfeller kan ein trafikkleiarar nytta AIS-nettverket til å spørje etter AIS-meldingar frå farty eller redusera rapporteringsintervallet for desse.

Sjøtrafikksentralen i Vardø har ansvarsområde i farvatn som ikkje blir dekka av dei fire andre sjøtrafikksentralane og ut til territorialgrensa, med spesiell fokus på skip som fører farleg og forureinande last i transitt langs norskekysten. Denne sjøtrafikksentralen nyttar spesielt AIS data frå satellittane AISSat-1 og AISSat-2 til å følgje med trafikken i havområda utanfor norskekysten og Svalbard.

Oljevernberedskap

For oljevernberedskapen gir tilgang til AIS data rask informasjon om trafikksituasjonen rundt eit meldt oljesøl.

Planlegging av losoppdrag

Losformidlinga, losbåtførarar og losar nyttar AIS informasjon i samband med losoppdrag, som eit verktøy for god og effektiv ressursbruk, logistikk og transport til og frå fartyet.

Transportplanlegging

Kystverket nyttar AIS data til transportplanlegging i farleiene og til å utarbeide statistikk om seglingsbevegelsar. Denne kunnskapen gjer det mogeleg å betre planlegge og leggje til rette for rask, sikker og effektiv sjøtransport.

Samarbeidsavtalar

Kystverket har på bakgrunn av internasjonale samarbeidsavtalar tilgang til AIS data frå nasjonale AIS-nettverk i landa rundt Østersjøen og den austlige delen av Nordsjøen. Eit samarbeid med oljeselskap på norsk sokkel om utveksling av data frå AIS-mottakarar på offshoreinstallasjonar er også etablert. Tilgang til AIS data frå offshoreinstallasjonar gir dekning på inntil 100-150 nautiske mil ut frå kysten i dei aktuelle områda.

Kystverket distribuerer data frå AIS Norge til andre offentlige etatar, deriblant Forsvaret, Hovudredningssentralane, Sjøfartsdirektoratet, Tollvesenet, politiet, hamner, Mattilsynet, og Miljødirektoratet.

Siste nytt