Publisert: , Oppdatert:
- Bjørnar Kleppe

AISSat-1 og AISSat-2

Noregs første nasjonale overvakingssatellitt for skipstrafikk, AISSat-1, blei skutt opp frå India i 2010, i eit samarbeidsprosjekt mellom Kystverket, Norsk Romsenter, Forsvarets forskingsinstitutt og Kongsberg Seatex.

I juli 2014 ble enda ein satellitt, AISSat-2, skutt opp frå Kasakhstan for å sikre kontinuerlig overvaking og trygging av skipstrafikken i norsk farvatn, og styrke stabiliteten i distribusjonen av satellittbasert AIS data og informasjon til offentlige myndigheiter.

Kystverket er mottakar av data frå satellittane og ansvarleg for å distribuere denne informasjonen vidare til andre norske offentlege myndigheiter. Hovudredningssentralane, Kystvakta og Fiskeridirektoratet er nokon av dei aktive brukarane av satellittbasert AIS data.

Satellittbasert AIS er eit viktig overvakingsverkty i den nasjonale beredskapen langs kysten. Ved hjelp av AISSat-1 og AISSat-2 får sjøtrafikksentralen i Vardø – som har ansvar for å ha oppsyn med skipstrafikken i dei norske havområda – og hovudredningssentralane, AIS-signala frå skip i havområda direkte inn i sine overvakingssystem.

Satellittbasert AIS-informasjon gjer det lettare og raskare for sjøtrafikksentralen og hovudredningssentralane å ha oversikt med skipstrafikken, finne posisjonen til skip som er i naud eller treng assistanse og finne farty i nærleiken som kan assistera.

Ved å kombinere informasjon frå andre datakjelder, kan satellitten nyttast til ein rekke formål, mellom anna identifisere farty som er ansvarlege for oljeutslipp i havområda, fiskerioppsyn, miljøkriminalitet (oljesøl), kartlegging av trafikk i Arktis, anti-pirat operasjonar utanfor Afrikas kyst og oppsyn med skipsaktivitet i farvatn der Noreg har interesser.

AISSat-1 og AISSat-2 er identiske nanosatellittar som måler 20 x 20 x 20 cm og veier seks kilo.Satellittane går i polarbane i ca. 600 kilometers høgde. Dei har lang rekkevidde og observerar over store havområde. Kystverket lastar ned data frå AIS satellitt via Svalbard eller Vardø kvart 90. minutt.

Fleire AIS satellittar er planlagt oppskutt i 2016 og 2017.

Siste nytt