Publisert: , Oppdatert:
- Bjørnar Kleppe

Bruk av historiske AIS data

AIS Norge har kapasitet til å lagre AIS data over fleire år. Dataen nyttast blant anna til å kartlegge transportmønster og trendar i samband med transportplanlegging, analyser og statistikk.

Kystverket nyttar historiske AIS data til å utarbeide statistikk over sjøtrafikken langs kysten. Ved utarbeiding av AIS statistikk vil AIS data kombinerast med data frå andre maritime informasjonssystem.

Gjennom bruk av AIS statistikk kan sikkerheitstiltak som oppmerking, seglingsregler eller ekstra overvaking planleggast på betre grunnlag enn tidligare. Den kunnskap som historiske AIS data gir om skipstrafikken gjer at Kystverket kan betre planlegge og leggje til rette for rask, sikker og effektiv sjøtransport.

Historiske AIS data nyttast til å kontrollere legitimiteten til farty og deira bruk av kysten. Kontroll med at skipsfarten følgjer losplikt, farledsbevisreglar og meldeplikter ovanfor offentlege myndigheiter er nokre døme.

Historiske AIS data blir også brukt til å rekonstruere og dokumentere trafikkbildet i etterkant av ulykker til sjøs.

Siste nytt