Publisert: , Oppdatert:

Dalsfjorden fyrmuseum i nye lokale

Endeleg har fyrmuseet i Dalsfjord på Sunnmøre fått eigne lokale. Hendinga er resultat av 35 år med tålmod og frivillig innsats for å ta vare på norsk og regional fyrhistorie.

8. november 2012 var fyrbygda Dalsfjord i Volda kommune pynta til fest. Dagen var komen – då fyrmuseet skulle opnast.

– Dette er ikkje bere ei lokal storhending, men og eit nasjonalt monument, fastslo regiondirektør Harald Tronstad.

At fyrmuseet vart lagt til Dalsford – for mange ein bortgøymd fjordarm – har minst to forklaringar. For det fyrste rekrutterte denne bygda eit påfallande høgt tal av arbeidarane som bygde og vedlikeheldt fyra. Dessutan har eldsjeler frå Dalsfjord gjort ein framifrå innsats med å dokumentere og formidle denne historia både lokalt og nasjonalt.

Fyrhistorie har mellom anna sida 1977 vore ein del av undervisninga ved Dalsfjord skule. I lys av dette kunne det ikkje passe betre, at fyrmuseet vart opna som ein del av den nye skulebygningen i Dalsfjord.

Utstillinga er ei permanent utstilling, der ein har lagt særleg vekt på fyrbyggarane som nasjonsbyggarar. Den omfattar og eit avsnitt for dei som er meir opptekne av teknologi og instrument.

For dei spesielt interesserte vart det publisert eit historisk hefte, under tittelen ”Fyr og fyrar i leia”. Heftet kan ein få ved å kontakte museet.


Dalsfjord fyrmuseum er ei avdeling av Sunnmøre museum, som er ein av dei fire einingane i det nasjonale museumsnettverket Kystverkmusea.

Siste nytt