Publisert: , Oppdatert:

Saman om kystkulturen!

Torsdag 24. januar 2013 møttes kystdirektør Kirsti Slotsvik, riksantikvar Jørn Holme, fiskeridirektør Liv Holmefjord og direktør for Norsk kulturråd Anne Aasheim i Bergen for å diskutere etatene sitt kystkultursamarbeid. Fiskeridirektoratet og Museum Vest, Norges fiskerimuseum var vertskap.

Direktorata ønskjer saman å bidra til ei god forvaltning og formidling av kulturminne og immateriell kultur langs kysten. Innsatsen vil bli konsentrert til områder som representerer dei store kystforteljingane om fiskeri og sjøverts ferdsle, der det lokalt og regionalt vert etablert partnarskap om kystkulturprosjekt.

Eit viktig tema var også korleis kysten si betyding for nasjonsutviklinga kan gjeras synleg i grunnlovsjubileet i 2014, mellom anna gjennom prosjektet "Fortellinger om kyst-Norge". Ikkje minst vart prosjektet "Kystreise.no" nemnd som eit godt døme på moderne formidling av kystkulturen.

Direktoratssamarbeidet om kystkultur byggjer på felles handlingsplan for perioden frå 2011–2014.

Relaterte dokumenter

Siste nytt