Publisert: , Oppdatert:
- Marianne Henriksen

Noreg har fått ein nasjonal beredskapsplan mot akutt forureining

No er planen her som fortel kva ansvar og kva rolle dei ulike beredskapsaktørane har ved ei hending som medfører akutt forureining.

- I utgangspunktet er planen eit krav vi har med heimel i internasjonale lovar som Noreg har ratifisert, det er nemleg eit internasjonalt krav at det skal vere ein nasjonal beredskapsplan, seier Kystverkets beredskapsdirektør Johan Marius Ly.

Du kan lese eller laste ned planen her.

Tydeleg og klar

Han forklarer at ein nasjonal verneplan er svært viktig for alle dei ulike aktørane med ansvar på beredskapsområdet.

- Vi skal vere opplagde og ha klare rollar og ansvar. I vedlegget til den nasjonale planen har alle dei sentrale etatane ei tydeleg beskriving av ansvaret sitt og rolla si ved ein større oljevernaksjon. Dette har ikkje vore så tydeleg kommunisert og skissert tidlegare, seier Ly.

Det er ein lang prosess som har ført fram til planen. Behovet for planverket blei tydeleg i samband med Full City aksjonen i 2009. Sida då har Kystverkets Beredskapsavdeling jobba med å få på plass den nasjonale planen.

Viktig felles tolking

I tillegg til Full City, aktualiserte Macondo-hendinga i USA at store ulukker krev ein nasjonal plan. Den må til for å kunne handtere dei verkeleg store ulukkene.

- Den nasjonale planen tek føre seg korleis vi i Noreg både handterer større skipsfartsuhell, og større hendingar i samband til offshore. Den handlar om ulike typar akutt forureining, anten det er frå skipsfarten eller petroleumsverksemda.

Han forklarer at ved ein større aksjon mot akutt forureining er det mange ulike aktørar som kjem på bana.

- Då er det viktig med ei forståing av kva som er rolla til Miljødirektoratet, politiet, kommunane og så vidare, seier beredskapsdirektøren.

Alle må ha eige planverk

Den nasjonale planen er ikkje detaljstyrande for den einskilde aktøren, den seier ikkje kva dei konkret skal gjere i detalj. Men den skildrar oppbygginga av den nasjonale beredskapen, og dei sentrale aktørane ansvar og si fullmakt vår.

-  Den blir ein overbygning mellom dei ulike aktørane sine eigne beredskapsplanar - og krev at dei einskilde aktørane må leggje eigne planar til grunn. Deira eigne planar skal støtte den nasjonale planen, seier Ly.

Fakta

Nasjonal plan skildrar rollar og ansvar til dei mest sentrale nasjonale og regionale statlege etatane og offentlege verksemder.

Den inneheld ei oversikt over primæransvar, oppgåver ved akutt forureining, samhandling med andre etatar og heimelsgrunnlag følgjer for følgjande etatar eller verksemder:

Politiet

Forsvaret

Miljødirektoratet

Fiskeridirektoratet

Sjøfartsdirektoratet

Statens strålevern

Petroleumstilsynet

Mattilsynet

Folkehelseinstituttet

Havforskningsinstituttet

Norsk Polarinstitutt

Fylkesmannen

Sysselmannen på Svalbard

Nasjonalt institutt for ernæring og sjømatforskning

Statens havarikommisjon for transport

Du kan lese eller laste ned planen her.

Slik skildras Nasjonal plan i forordet:

"Nasjonal plan – beredskap mot akutt forurensning, er et viktig element i Kystverkets samordningsrolle.

For Kystverkets samvirkeaktører er planen viktig som overbygning over egen beredskapsplan.

I tillegg er en nasjonal plan et krav i henhold til IMO OPRC konvensjonen som Norge har ratifisert.

Kystverket er delegert samordningsmyndighet etter forurensningsloven og sammen med en rekke etater, institusjoner og ulike kompetansemiljøer skal vi samlet bidra til at en uønsket hendelse med akutt forurensning blir håndtert til beste for miljøet.

Den nasjonale planen bygger på Kystverkets og medvirkende samvirkeaktørers erfaringer fra de siste statlige aksjoner mot akutt forurensning der behovet for en overbygning over egen sektors beredskapsplan ble tydelig. Dette dokumentet er første versjon av

Nasjonal plan og beskriver i korte trekk oppbygging av den nasjonale beredskapen og de mest sentrale aktørers ansvar og myndighet ved en uønsket hendelse med akutt forurensning."

Du kan lese eller laste ned planen her.

Siste nytt