Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Fortsett opprydding av eigarlause blåskjelanlegg

Gå til mediasiden

Kystverket er i gong med å fjerne 14 eigarlause blåskjelanlegg i Hordaland. Anlegga er i dårleg forfatning og må fjernast for å hindre ulykker til sjøs og skader på marint miljø. Arbeidet skal ferdigstillast i byrjinga av desember.

Etter mange år utan tilsyn står fleire av dei forlatne konkursbua no i fare for å slite seg.

– Viss anlegga slit seg, vil dei kunne skade farty, miljø, fisk og anna dyreliv. Kystverket har difor prioritert å fjerne desse anlegga så snart som mogeleg for å unngå at det skjer ulykker og andre uønska hendingar i desse kystområda, seier regiondirektør John Erik Hagen i Kystverket Vest.

Hovudansvaret til Kystverket er å leggje til rette for sikker og god framkome i sjø, og verne om marint miljø. Hordaland er eit av fleire fylker kor Kystverket Vest no ryddar opp. I oktober vart det fjerna ti eigarlause blåskjelanlegg i Sogn og Fjordane. Når oppryddinga er ferdig i Hordaland, står Rogaland for tur. Her skal Kystverket Vest fjerna ytterligare 12 anlegg.

I 2007 kom det krav om at eigarar av nye oppdrettsanlegg må stille økonomisk garanti for fjerning av anlegg ved eventuell konkurs. Ettersom dei aktuelle anlegga vart etablert før dette regelverket kom på plass, vart det ikkje satt av midlar i næringa til å fjerne desse når føretaka gjekk konkurs. På bakgrunn av denne problematikken blei Kystverket Vest tildelt tolv millionar kroner til å fjerne blåskjelanlegg i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Før oppryddinga starta, viste ei kartlegging at ein del av anlegga allereie var fjerna av eigarar eller andre.

Undersøkingar gjort med fjernstyrt undervassfarkost (ROV) under vassoverflata visar at anlegga i Hordaland er i særs dårleg stand med særs slitt eller manglande utstyr. Eit av anlegga som er 100 meter langt, er berre forankra med eit tau som er bunde rundt steinar på botn.

– Nokon av anlegga ligg særs ugunstig plassert i områder kor det er ein god del passasjer- og småbåttrafikk, medan andre ligg godt skjema frå trafikk. For å unngå at dei blir eit problem på sikt, må alle anlegga fjernast, seier prosjektleiar Lene Mathisen i Kystverket Vest.

Anleggskomponentar som vert tatt opp skal til gjenvinning, i så stor grad som mogeleg. Restar som ikkje kan resirkulerast blir levert til godkjent avfallsmottak. Oppryddingsarbeidet i Sogn og Fjordane og Hordaland vert utført av Ragn-Sells AS og Optiship AS på oppdrag frå Kystverket Vest.

Sjå også: Fjerna eigarlause blåskjelanlegg i Sogn og Fjordane

Siste nytt