Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Har fjerna fleire eigarlause blåskjelanlegg

Gå til mediasiden og last ned originalfiler

Nyleg fjerna Kystverket ytterligare 1,5 tonn avfall frå fire forlatne blåskjelanlegg i Sognefjorden. Anlegga blei meldt inn etter Kystverket hadde ferdigstilt oppryddingsaksjonen av forlatne blåskjelanlegg i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane i 2016 og 2017. 

Undersøkingar viste at to av dei fire anlegga i Sognefjorden hadde slitt seg og søkke til botn. Frå anlegga blei det fjerna 1460 kg utstyr og avfall som har gått til gjenvinning. I etterkant av arbeidet vart det utført ein inspeksjon med ROV (fjernstyrt undervassfarkost) for å dokumentere at havbotnen var fri for avfall.

‒ Arbeidet med å rydde gamle anlegg er alltid utfordrande, både for oss og for entreprenør, då det er så lite informasjon tilgjengeleg om utforming, mengder og materialer. Bruk av ROV er kostnadsdrivande, men heilt naudsynt for å kunne vere sikre på at me har fått fjerna så mykje som mogeleg av dei eigarlause anlegga, både i overflata og på botnen, seier prosjektleiar Lene Røkke Mathisen i Kystverket.

Oppryddingsarbeidet i Sognefjorden vart utført av eSea Marine på oppdrag frå Kystverket.

Ein utfordring for trafikk og miljø

Eigarlause blåskjelanlegg som har stått utan tilsyn i mange år er ein utfordring for fartøy og miljø. For å hindre uønska trafikkhendigar og skader på marint liv og miljø har Kystverket valt å fjerna anlegga.

Nyleg engasjerte Kystverket også FSV Group AS til å fjerne anleggsrestar i Årebrotsfjorden i Flora Kommune. Oppryddinga blei iverksatt på kort varsel etter Kystverket fekk meldingar frå fartøy som har fått taurestar frå anlegga i propellane sine.

Tidligare i 2017 og 2016 har Kystverket fjerna om lag 600 tonn plast, metall og betong frå eigarlause blåskjelanlegg i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. 

Fakta

Opprydding av eigarlause blåskjelanlegg:

  • I tillegg til dei fire anlegga som nyleg vart fjerna, har Kystverket Vest i 2016 og 2017 tidligare fjerna 40 eigarlause blåskjelanlegg på Vestlandet (Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane). 
  • Oppryddingsarbeidet er eit risikoreduserande tiltak i Kystverkets arbeid med å leggje til rette for trygg og god framkome i sjø og verne om miljøet langs kysten.
  • I 2007 kom det krav om at eigarar av nye oppdrettsanlegg må stille økonomisk garanti for fjerning av anlegg ved eventuell konkurs. Ettersom dei aktuelle anlegga i Sogn og Fjordane vart etablert før dette regelverket kom på plass, vart det ikkje satt av midlar i næringa til å fjerne desse.

Siste nytt