Publisert: , Oppdatert:
- Gro Kibsgaard-Petersen

Lagar forvaltningsplaner for alle freda fyr

Kystverket har ansvaret for å forvalte alle norske fyr i staten sin eie. Av alle 114 vi har, er 68 av dei freda. Korleis tek vi vare på desse?

Kystverket og Kystverkmusea var på Graøyane fyrstasjon i Ulstein kommune på Søre Sunnmøre onsdag 21. juni. Øya er fin å vitje. Men det er forbod mot landgang og ferdsel på land i tida 15. april – 15. august, fordi området også er fuglefreda.

Kvart enkelt av staten sine kulturhistoriske eigedomar skal ha sin eigen forvaltningsplan. Dette for å sørgje for at dei vert best mogleg tatt vare på. Kystverket starta for fleire år sidan dette arbeidet. I dag har 49 av dei 68 freda fyrstasjonane sin egen forvaltningsplan.

Vi synfare eigedomane og samlar dokumentasjon før ein detaljert plan for kvar enkelt fyrstasjon vert utarbeid.

Det er Kystverket sitt Senter for eigedom og kultur ved Arild Fredriksen som lagar forvaltningsplanane. Kystverkmusea har ansvar for å dokumentere og formidle Kystverket sine lange og stolte tradisjonar. Dei deltek i arbeidet med å dokumentere fyrstasjonane, og skriv historiske tekster til planane. Kystverket sitt senter, i samarbeid med regionane sine byggingeniørar målar opp, teiknar og vurderer tilstand.

Forvaltningsplanane formidlar kunnskap om viktige prinsipp for å ta vare på fyrstasjonane. Dei skal og gi forståing for heile miljøet ved fyrstasjonen, og særpreget ved kvart enkelt fyr som skal takast vare på. Alt for at både vedlikehald, bruk og utvikling best skal ta vare på kystkulturskattane våre.

Om to år vil arbeidet med forvaltningsplanene være fullført. 

Alle foto: Frode Pilskog, Kystverkmuse

 

 

Siste nytt