Publisert: , Oppdatert:
- Olav Helge Matvik

Nye sjøkart for Oslofjorden

Kartverket har no kome med dei oppdaterte karta for Oslofjorden, som har med alle endringane som Kystverket har gjort i skipsleia frå Drøbak til Oslo.

Innseglinga til Oslo er ikkje slik den har vore tidlegare. Kystverket har gjort nærare 150 endringar i skipsleia inn til Oslo. Derfor er det ekstra viktig å sørge for å ha oppdaterte sjøkart når du skal ferdast i Oslofjorden.

Om du har digitale sjøkart så kontakt din sjøkartleverandør om du har spørsmål om når denne kan levere oppdatering som tar med alle endringane.

Siste nytt