Publisert: , Oppdatert:
- Erika Marlen Støylen

Tilskot til godsoverføring frå veg til sjø

I første utlysningsrunde har Kystverket motteke 11 søknadar om støtte til godsoverføring. Til saman har søknadane  som mål å flytte 3,7 millionar tonn gods som i dag vert transportert på norske vegar over til sjøvegen.

Kystverket har no motteke 11 søknadar om tilskot til prosjekt som til saman har som mål å overføre gods frå norske vegar over ein periode på tre år. Til saman er det søkt om cirka 210 millionar kroner for 3 års-perioden. (Foto: Olav Helge Matvik /Kystverket)

Regjeringa sette av 82 millionar kroner i Statsbudsjett for 2017 til ei tilskotsordning for overføring av gods frå veg til sjø. Formålet med ordninga er å styrke konkurransekrafta til sjøtransporten, og slik bidra til å nå målet om å få meir av godstransporten over på kjøl.

Kystverket har no motteke 11 søknadar om tilskot til prosjekt som til saman har som mål å overføre gods frå norske vegar over ein periode på tre år. Til saman er det søkt om cirka 210 millionar kroner for 3 års-perioden.

– Godsmengda søkarane har som mål å overføre vil kunne utgjere ein relevant del av den godsmengda NTP Godsanalyse identifiserte som mogleg å overføre. I tillegg viser søknadane at der er meir kortreist gods som kan overførast enn tidligare forventa. Dette er godt nytt for sjøtransporten og viser at næringa no ser nye moglegheiter, seier avdelingsdirektør Sven Martin Tønnessen i Kystverket.

Kystverket skal no vurdere søknadane og reiarane sine planar grundig, og ventar å ha tildelinga klar innan 30. juni i år.

Siste nytt