Publisert: , Oppdatert:

Høgsterett avviste anke i rettstvist om entreprenøroppdrag

Tvisten mellom entreprenøren Arctic Seaworks og Kystverket vert ikkje handsama i Høgsterett.

Sommaren 2016 saksøkte Arctic Seaworks AS Staten ved Kystverket og vann fram i Salten tingrett. Staten var ueinig i dommen og vann fram i ankeforhandlinga i Hålogaland lagmannsrett i mai 2017. Motparten, konkursbuet etter Arctic Seaworks AS, anka saka til Høgsterett. No har ankeutvalet til Høgsterett avgjort at anken ikkje vert tillat fremma for Høgsterett. Dommen frå Hålogaland lagmannsrett er dermed rettskraftig.

Meir om saka her.

Siste nytt