Publisert: , Oppdatert:
- Marianne Henriksen

– Våg å øve, våg å feile, og ikkje ver redd for å fortelje om det etterpå

Observatørar frå over 40 land beit seg merke i oppmodinga kystdirektør Kirsti Slotsvik gav deltakarane under opninga av øvinga SCOPE 2017: «Våg å øve, våg å lære, våg å feile – og ikkje ver redd for å fortelje om det etterpå».

– Nettopp tillit er kjernen i den nordiske modellen, og det må til for å våge å feile – og dermed får vi òg kunnskap som kan vere avgjerande når det verkeleg gjeld, seier Kirsti Slotsvik. Foto: Marianne Henriksen/Kystverket

Dette fortel den norske observatøren Dag Svindseth, som er brannsjef ved Austre Agder brannvesen og leiar for Aust-Agder Interkommunale Utval mot Akutt forureining (IUA). Han merka tydeleg at oppmodinga om å våge å feile, og fortelje om det, var noko dei utanlandske observatørane ikkje var vane med å høyre.Dag Svindseth, observatør under SCOPE 2017

– Eg tenkjer at her fekk den norske dugnadsånda i praksis komme til syne. Det blei lagt positivt merke til. Det er nok mange som tenkjer det, men det er noko anna å seie det høgt og leggje opp til det i ei så stor øving. Sjølv om ein nok vil komme fram til at dette er den rette måten å få utbytte av øvingar på, seier Svindseth (Foto: Stein Harald Øigård).

Nordisk oppmoding

Kystdirektør Kirsti Slotsvik seier det var viktig for henne å understreke den tilliten som må vere til stades for å få maksimalt utbytte av øvinga.

–  Nettopp tillit er kjernen i den nordiske modellen, og det må til for å våge å feile – og dermed får vi òg kunnskap som kan vere avgjerande når det verkeleg gjeld, seier Slotsvik.

Ho synest det er svært interessant å høyre reaksjonane på den nordiske samvirkepraksisen, og ho er ikkje ukjend med responsen frå andre nasjonar. Derfor var det viktig for henne å påpeike og oppmode til å våge å feile og våge å fortelje om det i ettertid.

Avgjerande med åpenhet

Prosjektleiar for SCOPE 2017, Stig Wahlstrøm, seier at tillit og åpenhet var viktig i planleggingsprossesen - men er òg viktig i evalueringen som no pågår.

– No i evalueringen må vi våga å snakka ope om kva vi har erfart, av både positivt og negativt slik at vi kan styrkja vår felles beredskap. Slik kan vi jobba vidare med oppfølging og planleggja framtidige øvingar, seier Wahlstrøm.

Jobben først – diskusjonane etterpå

Observatør Dag Svindseth hadde rikeleg med tid til å snakke med dei andre observatørane, som var fagekspertar som var samla på eit skip gjennom mange timar. Dette gav god tid til å diskutere og kommentere kva dei såg, tett på den internasjonale samvirkeøvinga. Inntrykket var at oppgåvene blei løyste utan diskusjonar – dei kunne ein ta i etterkant.

(Saka fortset under biletet)Mange nasjonalitetar bidrog inn på éin operasjon.

– Vi såg at det internasjonale samarbeidet òg var bra, mange nasjonalitetar bidrog inn på éin operasjon. Det viste haldninga «la oss gjere jobben først, så får vi sortere ut like tankesett og løysingar i etterkant», trur Svindseth.

Grenselaust samarbeid

Dette blei lagt merke til frå amerikansk hald, der dei elles er vande til at samvirke blir nedfelt i avtalar, men sjeldan utløyser konkrete, fysiske oppgåver som skal løysast

–  Det at ein såg tyske, danske, svenske og norske fartøy løyse oppgåver i skjønn foreining til sjøs, med innsetting av norsk mannskap på svensk båt frå norsk helikopter, gjorde inntrykk.

Kom til dekka bord

Svindseth, som har 20 års fartstid i Forsvaret bak seg, synest observatørane kom til godt dekka bord når det gjaldt å sjå ulike operasjonar og personell gjennom øvinga, som strekte seg over 36 timar.

–  Det var eit godt tilbod til observatørane, dei fekk sjå mykje på operativt nivå, frå dei som var ute og testa, på sjø, ved strandaksjon, dykking ved havarist, med to RITS-grupper samla på same stad – det er gull verdt. Ofte har ein nok med å øve sjølv, om ein ikkje skal ta inn andre samarbeidande einingar i tillegg, seier IUA-leiaren.

Krevjande informasjonsflyt

Fordi observatørane var samla på eitt skip, låg alt godt til rette for relasjonsbygging og faglege diskusjonar. Her kunne han godt tenkje seg betre informasjonsflyt i undervisninga og meir informasjon over samband – noko som kom på plass i løpet av øvinga.

– Det blei mykje betre då calling-anlegget blei tatt aktivt i bruk, slik at alle fekk med seg kva som skjedde utanfor. Nyheitssendingane som blei viste på skjermane gjorde òg sitt til at vi forstod kva omfang hendinga hadde hatt dersom ho hadde vore reell, men her var det dessverre berre eit fåtal som fekk med seg lyden i nyheitssendingane, seier Svindseth.

Viktig å øve over tid

Dersom han skal peike på betringspunkt, måtte det vere å leggje opp til ein slags enkel gjennomgang, såkalla «hot wash-up», av kva ein faktisk har vore med på i løpet av dagen.

– Å rydde i inntrykk og få diskutert kva vi faktisk har sett, kva vi faktisk har opplevd i dag, kva vi har vore gjennom, det kunne vore nyttig, seier brannsjefen.

Elles vil han leggje til at det deltakarar frå ulike brannvesen og IUA-organisasjonar sette spesielt pris på, var at øvinga gjekk over tid.

– Det er akkurat det som vil skje i ein verkeleg situasjon, og når det blir øvd over tid får ein sjå funksjonar som må fyllast gjennom fleire vakter, og ikkje berre i nokre timar, men i dagevis, seier Svindseth.

 MS Sjøkurs var fylt av rundt 100 observatører som kom tett på øvelse SCOPE 2017.Observatør fra Canada, tett på øvelsen.

Fakta

Olje- og kjemikalievernøvinga SCOPE 2017 i september involverte rundt 600 deltakarar frå over 40 land. Øvinga er ein del av eit EU-støtta 2-årig prosjekt.

Prosjektet er nå inne i ein evalueringsfase som ein viktig del av læringsprosessen (se Stortingsmelding nr 10, Meld.St.10).

Øvinga involverte over 30 farty, med personell og utstyr frå fleire land i Europa.

Deltakare i SCOPE 2017:

Kystverket
EU
Det Danske Forsvaret
Kustbevakningen (Sverige)
Islands Miljødirektorat
IUA Telemark
Sør-Øst politidistrikt
IUA Vestfold
Oslo brann- og redningsetat
Bergen brannvesen
Lokale brann og redningsetater
EMSA
Lokale havnemyndigheter
Telemark sivilforsvarsdistrikt
Forsvaret
Havariekommando (Tyskland)
Sjøfartsdirektoratet
Miljødirektoratet
Fylkesmannen i Telemark
Havarikommisjonen
NOFO (Norsk Oljevernforening for Operatørselskap)
Statoil
Solvang ASA
DNV GL
GARD
Skuld
Norwegian Hull Club
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
Høgskolen i Sørøst-Norge

Siste nytt