Publisert: , Oppdatert:

Ona fyr 150 år

Fredag 20 oktober er det 150 år sidan lykta i fyret på Ona lyste for første gong. Jubileet vert feira på staden. 

Illustrasjonen som pryder Kystverkets informasjonsskilt om Ona fyr på øya. (Av Arild Fredriksen)

Øysamfunnet Ona ligg ytst mot havet i Sandøy kommune, vest for Molde. Staden er lett å sjå på grunn av fyret som står og kneisar på øyas høgaste punkt. I dag, for 150 år sidan, vart fyrlykta her tent for første gang.

Då fyret fylte 90 år i 1957 var Norsk fyrtidende på besøk hos fyrmeisterparet Slettevaag. Dei to hadde då vore på Ona i 25 år. Edvard Slettevaag hadde vore på Hestskjæret fyr før han kom til Ona, og hadde til saman 38 år i fyrvesenet, mens kona Sigrid kom til Hestskjæret med sin far allereie som 12 åring. Ekteparet Slettevaag var begge aktive i arbeidet med å gjere fyrfolk sine kår betre. Han som formann i fyrfolka sin organisasjon og ho som grunnleggar av fyrkvinneforbundet. Ekteparet var ivrige forkjemparar for at fyrkvinnene skulle få betalt for arbeidet sitt.

Under krigen heldt tyske soldatar vakt rundt husa på Ona. Samtidig hadde ekteparet englandsfararar i skjul i leilegheita si.  

Linseapparatet på Ona er heilt spesielt. Andreordens fast-apparatet i både raudt og kvitt glas var til og med på utstilling i Paris før det kom til fyret. Originallinsa fungerer enno.

Fakta: Fyret i støypejern, bygd 1867 som kystfyr. Bifyr bygd i 1954. Lyshøgde 40 meter. Freda.

Fyret i dag: Fyret er fullt tilgjengeleg for publikum. Kystverket eig fyra (hovedfyr og bifyr) og maskinhus. Fyrmeisterbustad og naust er i privat eige. Fyret representerer ei viktig del av norsk sjøfarts- og kysthistorie.

Eigaren av boligen og naustet har eit eiga lite fyrmuseum, og arrangerer ei samling i dag, i samband med fyret sitt 150-årsjubileum. Dit kjem både ordfører, museums- og kystverksfolk.

Lenker:
Forvaltningsplan for Ona fyr
http://kystverket.no/globalassets/fyr-og-kystkultur/forvaltningsplaner/tillegg-2017/ona-forvaltningsplan-2.1.2017_kort_red-safe.pdf

Om Ona fyr på fyr.no
http://www.fyr.no/fyrene/fyrene-nord/more-og-romsdal/456-ona-fyrstajson

Om Ona fyr på kystreise.no
https://kystreise.no/detaljer/5256/Ona-fyr/

Fyrboligen og naustets eier’s Facebookside: https://www.facebook.com/OnaFyrstasjon/
Der ligger også lenke til jubileums-markeringen som skjer fredag. 

Alle foto  /video: Kystverket


Sjå video frå Ona

MÅNADENS FYR - Denne artikkelen markerer starten på ein artikkelserie som Kystverket og Kystverkmusea skal produsere. Serien har fått navnet Månadens fyr. I november vert eit anna fyr presentert i våre kanalar. (www.kystverket.no, Kystverket på Facebook og på Instagram) Serien vert samla under dette menypunktet

Siste nytt