Publisert: , Oppdatert:
- Anne Grethe Nilsen

Signerte rammeavtale for maritimt datavarehus

Kystverket forvaltar store mengder informasjon om skipsfarten. For å styrke gjenbruksverdien til dataene og for å oppnå meir effektiv datahandtering, etablerer Kystverket til våren 2018 eit datavarehus for maritime historiske data. 

Prosjektleiar i Avinet, Tor Gunnar Øverli (t.v.), og prosjektleiar i Kystverket, Harald Borgø. Foto: Kystverket/John Morten Klingsheim
Prosjektleiar i Avinet, Tor Gunnar Øverli (t.v.), og prosjektleiar i Kystverket, Harald Borgø. Foto: Kystverket/John Morten Klingsheim

Nyleg signerte Kystverket ein rammeavtale med Asplan Viak Internet (Avinet) for etablering av datavarehus. Avtalen er på to år med mogelegheit for to års forlenging. Avinet har med seg Acando og Oslo Industrial Logic (OILogic) som underleverandørar.

– Det har vore stor interesse for oppdraget med heile 16 leverandørar som ønsket å utvikle datavarehuset, eit prosjekt som skil seg ut på grunn av store mengder data i kombinasjon med stor bruk av kartløysingar. No som rammeavtalen er på plass, ser vi fram til å setje i gang med arbeidet med å få på plass ei god løysing, seier prosjektleiar Harald Borgø i Kystverkets Senter for los og VTS.

Den første versjonen av datavarehuset skal lanserast allereide til våren neste år og vil innehalde data om fartybevegelsar frå AIS-systemet (Automatic Identification System) og fagsystemet for lostenesta (Njord). I tillegg vil informasjon om anløp bli henta frå den nasjonale meldingsportalen for farty, SafeSeaNet Norway. Når strukturen og dei første datakildene og rapportane kjem på plass, verte datavarehuset utvida med enda fleire datakildar.

Store mengder data

Dei interne databasane til Kystverket inneheld store mengder maritime historiske data som går tilbake til 2006. Desse er no lagra i rådata form.

Kvart år registrerer det automatiske identifikasjonssystemet AIS mellom fem og syv milliardar meldingar frå skipsfarten. Det utgjer om lag 15 – 20 millionar meldingar kvar dag. Det nasjonale meldingssystemet SafeSeaNet Norway registrerer årleg om lag 120 000 skipsmeldingar, og i Njord, systemet til lostenesta, vart det årleg registrert om lag 115 000 lospliktige seglasar.

Denne type maritime data vert ofte brukt i analyser, utgreiingar, saksbehandling, beredskapsplanlegging, statistikk og kartlegging av trendar innan trafikk, gods og ulykker.

– Vi opplev stor etterspurnad på trafikkdata. I dag har vi ulike system og løysingar for uttak av denne type data, men det er ofte snakk om store mengder rådata som må behandlas manuelt. Dette er ein tidkrevande og utfordrande prosess som krev store ressursar, seier Borgø.

Vil gje nytteverdi

– Både Kystverket og dei vi deler rådata med vil spare mykje tid ved å få desse dataene presentert på ein enkel måte i datavarehuset. Ved å samle og strukturere kopi av dei maritime dataene i eit datavarehus, vert tilgangen til dataene både enklare og raskare, datakvaliteten blir høgare og vi forventar å få ny kunnskap gjennom kopling av data, hevdar Borgø.

Deler av informasjonen og ulike statistikkar i datavarehuset vil vere ope for publikum, medan sensitiv eller tryggleiksrelatert informasjon vil vere reservert for offentlege myndigheiter som statlege etatar, kommunar og hamne.

Siste nytt