Publisert: , Oppdatert:

Ny søknadsrunde for tilskot til hamnesamarbeid

Første søknadsrunde vart avslutta 1. mars, og fleire søknadar fekk tilsegn om tilskot. Dei restrerande midlane blir nå lyst ut med søknadsfrist 15. mai 2018.

Tilskot til hamnesamarbeid skal bidra til meir gods på sjø ved at konkurranseevna til sjøtransporten vert styrkt gjennom auka transportkvalitet og reduserte prisar.

– Det har ikkje blitt gjeve tilsegn for alle midlane som er sett av til ordninga. Det er framleis om lag 2 millionar kroner igjen. Vi annonserar derfor nå andre utlysingsrunde. Det er korte fristar i og med at prosjektet må vere avslutta innan 30. november. Vi vonar at nokon sit med gode idear til moglege samarbeidsprosjekt, og at desse vil hive seg rundt og søke om tilskot. Ta gjerne kontakt for rettleiing, vi høyrer gjerne frå dykk, oppmodar Øyvind Sandbakk i Kystverket.

Fristen for å søke er 15. mai 2018. Meir informasjon om ordninga finn du på www.kystverket.no/havnesamarbeid

Siste nytt