Publisert: , Oppdatert:
- Gro Kibsgaard-Petersen

Fyret på skjeret

Ved innseglinga til Florø klorer eit hus seg til eit skjer. På alle sider ligg sjø. I over 150 år har Stabben fyr vist trygg vei i leia for dei sjøfarande.

Stabben fyr ved Florø. Foto Kjell Yndestad.

Grunna mykje båttrafikk knytt til sildefiske på midten av 1800-talet, var det naudsynt å få opp et fyr som kunne vise vei i leia i Hellefjorden. Det var fyrdirektøren sjølv som pekte ut staden på ei synfaring. Stabben skulle også tene som innseglingsfyr til den nye byen Florø.

Skjeret var så lite at det berre var plass til ei fyrbygning der. For å få plass til uthus, og for å unngå høg sjøgang, vart grunnmuren bygd uvanleg høg. 108 lass med stein gjekk med i støyping av muren. Men allereie to månader etter at fyret vart sett i driftvart ein altan likevel skada av bølgjer. Året etter blei det sett opp enda ein mur på nordvestsida av fyret som skulle stogge den verste sjøgangen.

Stad for havari
Stabben fyr er, saman med Kinnasundet, den eldste fyrstasjonen i Sogn og Fjordane. Lyktene vart tende 1. oktober i 1867. Her var det, då som no, ureint farvatn og mykje straum – nokre vil seie eit av dei vanskeligaste navigasjonspunkta på Norskekysten. Historia kan tyde på det: Fleire farty har opp igjennom åra hatt nærkontakt med fyret. I 1899 vart ei skute skada i ein kollisjon med muren, og baugspydet til skuta gjekk gjennom husveggen. I 1900 gjekk D/S "Fiskaren" på fyrholmen på grunn av sterk straum. Folket berga seg opp i huset, men skipet sokk. I mellomkrigstida var det heile seks havari ved Stabben, og ytterligare to skip kolliderte med sjølve fyret.

Presis navigeringshjelp
I 1905 fekk fyret høgare tårn, ei større lykt og et 4. ordens linseapparat. Skjerming av lyset med heile 8 sektorar ga dei sjøfarande meir presis navigasjonsrettleiing. Landingstilhøva blei samstundes forbetra og ei svingkran vart sett opp.

Bustad i over 100 år
Sjølv om fyrmeisteren og hans familie budde på ein holme utan hage, klarte dei å dyrke nokre poteter og gulrøter til hushaldet. Grønsakshagen var ein halv kvadratmeter jord på fyrverandaen. Jorda blei lagt ut kvar vår og tatt inn igjen på hausten, for å unngå at den vart skylt på havet.

På Stabben har det budd folk i over hundre år - frå lykta vart tend hausten 1867, til fyret vart automatisert i 1975. Då takka den siste fyrmeisteren, Karl Søviknes, for seg og vart pensjonist. Stabben er ifølgje Riksantikvaren eit av landets mest særprega fyrstasjonar. Det har stått uendra sidan 1905 og er i dag freda.

Flora Kystkulturlag leiger og forvaltar fyret i dag. Publikumstilbodet er førebels avgrensa, men overnatting kan bestillast etter avtale.


Sjå film om Stabben



Trykk her om filmen ikke viser

 Bildekreditering gallerivisning: trykk på bildet for større visning og bildekreditering.

Fakta

MÅNADENS FYR - Denne artikkelen er del av en artikkelserie som Kystverket og Kystverkmusea lagar i samarbeid. Serien har fått navnet Månadens fyr. Kvar månad vert eit nytt fyr presentert i våre kanalar. (www.kystverket.no, Kystverket på Facebook og på Instagram) Serien vert samla under dette menypunktet

Siste nytt