Publisert: , Oppdatert:

U-864: Informasjonsmøte på Fedje 27. juni

Kystverket inviterer til informasjonsmøte om miljøtiltak mot kvikksølvforureining frå U-864, onsdag 27. juni på Fedje.

Kystverket inviterer til informasjonsmøte om miljøtiltak mot kvikksølvforureining frå U-864, onsdag 27.juni på Fedje. (Illustrasjon: Kystverket)

Stad:     Fleirbrukshallen på  Fedje

Tid:        27. juni kl 16:30 – 18:30 

Kystverket inviterer til informasjonsmøte om miljøtiltak mot kvikksølvforureining frå U-864.

På oppdrag frå Samferdselsdepartementet overleverte Kystverket i 2014 forprosjekteringa av to alternative miljøtiltak for å sikre miljøet mot kvikksølvforureininga frå vraket av ubåten U-864. På bakgrunn av dei geotekniske anbefalingane frå denne forprosjekteringa blei det løyvd midlar for å etablere ei støttefylling for å sikre den rasutsette skråninga under baugseksjonen på vraket. Dette var det første nødvendige steget, uavhengig av val av miljøtiltak. Utlegginga av støttefyllinga blei ferdig i 2016 og har vore geoteknisk overvaka og vurdert sidan. Den geotekniske vurderinga våren 2018 konkluderte med at støttefyllinga no har sett seg og stabilisert skråninga. 

Tema under informasjonsmøtet vil blant anna vere:

- Miljøtilstand i fisk og skaldyr ved vraket

- Orientering om Kystverket si utgreiing og anbefaling av miljøtiltak

- Erfaringar og overvaking av støttefyllinga som blei etablert 2016

- Framdrift for gjennomføring av miljøtiltak

- Kystverket og fagekspertar frå Havforskningsinstituttet, Universitetet i Bergen, DNV GL og NIVA vil vere tilgjengelege for spørsmål frå publikum

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen vil vere til stades og innleier informasjonsmøtet. 

Siste nytt