Publisert: , Oppdatert:
- Sveinung Nedregotten

Får inspirasjon om framtidsretta teknologi og vedlikehald

I disse dager deltek Kystverket på ein stor teknologikonferanse i Geneve i Sveits. På samlinga får Kystverket inspirasjon og kunnskap om ny teknologi, som og korleis ein effektivt kan forvalte, drifte og vedlikehalde kystens mange navigasjonsinnretningar.

Tema som drøftast er mellom anna Internet of things (IoT), Big Data, bruk av sensorar, dronar, robotar og ROV-er (over og under vatn) til inspeksjon og overvaking, førebyggende vedlikehald, 3D-visualisering av objekt for vedlikehald, best practise samt erfaringer og anvendt bruk av framtidsretta teknologi.

Relevant for Kystverket

– Kystverket har over 20 000 merker, lykter og installasjonar langs norskekysten som krever vedlikehald og fornying. Vi driv eit kontinuerlig utviklings- og moderniseringsarbeid og er heile tida på jakt etter ny teknologi og betre metodar, så denne konferansen er midt i blinken for oss, seier senioringeniør ved Kystverkets senter for farled, fyr og merker Per Erik Ose.

- Sentralt på konferansen European Enterprise Asset Management Summit 2018 står førebyggande vedlikehald, og bruk av sanntidsdata og sensorar utstyrt med kunstig intelligens for automatisk tilstandsregistrering, som kan varsle før ting havarerer. Systemet genererer arbeidsanmodningar og arbeidsordrer, som effektiviserer og frigir tid til å gripe inn der utstyret feiler og dermed kan ein maksimere oppetid på utstyret. Det som presenterast er imponerande, og mykje av teknologien er svært aktuell for Kystverket, fortel Ose.

CERN

Konferanseområdet er på området til CERN (Conseil européen pour la recherche nucléaire), den europeiske organisasjonen for kjernefysisk forskning. Senteret er kanskje mest kjent for verdas største partikkelakselrator, som ble tatt i bruk i 2008.

– Vi fikk være med på ei omvisning på nokre av lokasjonane til dette store anlegget. 1500 brukarar handterer over 2,1 millionar komponentar, som igjen vert styrt med 150.000 arbeidsordrer i året. Interessant er det at CERN brukar same datasystem som vi i Kystverket gjer til forvaltning drift og vedlikehald (FDV) av våre installasjonar, seier Ose.

Innovasjon

I Kystverket sitt handlingsprogram for 2018 - 2029 er ei viktig satsing at vi skal fjerne vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinnretningar. Det betyr mellom anna at vi skal bytte ut gamle lys og merker med meir moderne og miljømessige løysingar med lengre levetid og lavare vedlikehaldsbehov. Truleg skjer dette med bruk av mykje av den samme teknologien som var presentert i CERN denne veka.

– Utviklinga går så fort. Vi må være effektive, innovative og framoverlente skal vi henge med og sørge for at kystens navigasjonsinnretningar blir best mulig, seier Per Erik Ose i Kystverket.

Fakta

Ordforklaringar

Internet of Things (IoT)
Tingenes internett, også kjent under det engelske begrepet Internet of Things (IoT), er nettverket av identifiserbare gjenstandar som er utstyrt med elektronikk, programvare, sensorar, aktuatorer og nettverk som gjer gjenstandene i stand til å kople seg til kvarandre og utveksle data.

Big Data
Stordata er teknologi og analysemetodikk knytta til datamengder som er for store, for komplekse og for ustrukturerte til at ein kan nytte tradisjonelle teknikkar for å hente ut informasjon.

ROV
ROV (frå engelsk Remotely operated vehicle) er ein robot som blir fjern-manøvrert. Ofte er det snakk om undervassfarkostar, men den generelle termen ROV kan referere også til andre typer fjernstyrte farkostar.

Siste nytt