Jobb i Kystverket?

I Kystverket er det alt frå folk med nautisk og maritim bakgrunn, samfunnsvitarar, ingeniørar, juristar og økonomar, til fagfolk innan IKT, kommunikasjon, miljø, elektro, administrasjon, personal og leiing. Vi har spanande arbeidsplassar langs heile kysten.

Sjå våre ledige stillingar!

 

Nyhetsliste

Vil du bli ein av oss?

Årleg får vi om lag 70 nye kollegaer i Kystverket. Vi treng stadig nye, dugande og kunnskapsrike medarbeidarar som er klare for ei utfordring. Tør du?

Fakta

  • Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining.
  • Hovudformålet er å sørgje for sikker og effektiv ferdsle i farleier langs kysten og inn til hamner, og ein nasjonal beredskap mot akutt forureining.
  • Kystverket deltek i planmedverknad og utøvar myndigheit etter hamne- og farvasslova, loslova, og delar av forureiningslova, svalbardmiljølova og plan- og bygningslova.
  • Kystverket har eit hovudkontor i Ålesund og fem regionkontor, samt omlag 50 operative einingar.
  • Til saman har Kystverket cirka 1000 medarbeidarar, av desse er om lag 700 i operativ verksemd.

Siste nytt