Publisert: , Oppdatert:
- Solveig Moe Frøland

Kystverket sitt virke

Kystverket tek ansvar for sjøvegen, og produserer viktige fellesgode for samfunnet.

Kystverket er delvis brukarfinansiert og delvis finansiert over statsbudsjettet. Kystverket får sine oppdrag gjennom statsbudsjettet og mottar årlege tildelingsbrev frå Samferdselsdepartementet.

Hovudformålet er å sørgje for sikker og effektiv ferdsle i farleier langs kysten og inn til hamner, og ein nasjonal beredskap mot akutt forureining. Kystverket deltek i planmedverknad og utøvar myndigheit etter hamne- og farvasslova, loslova, og delar av forureiningslova, svalbardmiljølova og plan- og bygningslova.

Kystverket sine viktigaste oppgåver:

  • Utvikling og vedlikehald av farleier og fiskerihamner
  • Fyr- og merketenester
  • Trafikksentraltenester
  • Lostenester
  • Meldingstenester og navigasjonsvarsel
  • Statleg beredskap mot akutt forureining
  • Utøving av myndigheit
  • Utgreiing og transportplanlegging
  • Havnesikkerheit (ISPS)

For å løyse desse nasjonale oppgåvene samarbeider Kystverket bredt med andre offentlege etatar med ansvar for sikkerheit, transport og beredskap på tilgrensande områder. Kystverket deltek også aktivt i internasjonalt arbeid innanfor våre fagfelt.

Verksemda omfattar maritim sektor av Nasjonal transportplan (NTP), samt myndigheits- og forvaltingsoppgåver knytt til lover og regelverk for hamner, farleier og losplikta.

Siste nytt