Publisert: , Oppdatert:

Nyare historie - 1974 -->

I 1974 vart Norsk Fyrvesen, Norsk Losvesen og Norsk Havnevesen slegne saman til ein statleg etat med namnet Kystdirektoratet. I 1981 vart omgrepet Kystverket teke i bruk, samstundes med oppbygginga av distriktsorganisasjonen med regionale distriktskontor. 

Regionkontora vart nedlagde ved inngangen til 2021, då ein gjekk over til funksjonsorganisering av etaten. Men lokasjonane består. Kystverket er framleis til stades over heile landet - frå Arendal i sør til Honningsvåg i nord.

Kystverket vart frå 1981 nemninga på etaten i sin heilskap, medan Kystdirektoratet var den leiande eininga, direkte lagd under Fiskeri- og kystdepartementet.

I 2002 vart direktoratet flytta frå Oslo til Ålesund. Distriktskontora fekk spesialansvarsområde, i form av kompetansesenter for ulike fagområde i etaten. Kystverket Rederi, lokalisert i Ålesund, blei skilt ut som eiga eining.

Beredskapsavdeling for akutt forureining - tidlegare ein del av Statens Forurensningstilsyn (no  Klima- og forurensningsdirektoratet/Klif) - vart i 2003 ein del av Kystverket. Avdelinga har sitt hovudsete i Horten, med utestasjonar i Bergen og Tromsø. Ho vart organisert som del av Kystdirektoratet. 

I 2007 gjekk ein vekk frå nemninga Kystdirektoratet. I staden blei det no heitande Kystverkets hovudkontor. Samstundes skifta distrikta namn til regionar.

I 2013 kom Kystverket inn under Samferdselsdepartementet.

Regionkontora vart nedlagde ved inngangen til 2021, då ein gjekk over til funksjonsorganisering av etaten. Dermed forsvann også begrepet Kystverkets hovedkontor. Heile etaten er no eit direktorat underlagt Samferdselsdepartementet.

Men lokasjonane består. Kystverket er framleis til stades over heile landet - frå Arendal i sør til Honningsvåg i nord.

Kystverket er i namnet ein ung etat, men han har lange tradisjonar gjennom forgjengarane; Fyr- og merkevesenet, Losvesenet og Havnevesenet.

Nye oppgåver har kome til etter kvart. Sjå fleire deltema av historia under Kystverket si nyare historie.

Siste nytt