Publisert: , Oppdatert:

Reguleringsplan for farleistiltak i innseglinga til Florø og Mortingbåen

For å styrke ei sikker og framkomeleg innsegling til Florø og ved Mortingbåen, set Kystverket i august 2020 i gang arbeidet med å utarbeide ein reguleringsplan for farleistiltak. Utbetringstiltaket er foreslått prioritert i perioden 2022–2033 i neste Nasjonal transportplan.

Formål

Hensikta med planarbeidet er å utvikle farleia til Florø hamn slik at den i framtida vil vere ei god og trygg hamn for brukarane. Tiltaka skal sikre at hovudleia har tilstrekkeleg djupne og stort nok manøvreringsareal for framtidig skipstrafikk.
Tiltaka skal:
  • Betre framkoma for offshore-riggar til og frå Florø hamn
  • Redusere sannsynligheita for grunnstøytingar og botnberøringar
  • Redusere ulykkeshendingar / tap av menneskeliv
  • Redusere sannsynlegheita for forureinande utslepp som følge av grunnstøytingar etc.

Foreslåtte tiltak

  • Innseglinga til Florø skal utdjupast til -19,3 meter slik at farleisbreidda blir utvida frå 120 til 140 meter. 
  • Mortingbåen skal utdjupast til -14,3 meter for å auke sikkerheita og fremkoma i hovudleia. 
  • Tre eksisterande navigasjonsinnretningar skal fjernast. 

Framdrift

Kystverket vil, med bistand frå Norconsult som planrådgivar, organisere planarbeidet og utarbeide eit planforslag. Kinn kommune legg reguleringsplanen ut til høyring / offentleg ettersyn, behandlar uttalingane og fremjer planen til politisk vedtak.

Reguleringsplan

Dei antatt viktigaste utgreiingsbehova for planarbeidet vil vere:  
  • Vassmiljø og botnforhold: Kartlegging av evt. forureining, vurdering av risiko for partikkelspreiing samt avgrensing og spreiing av eventuelle forureina sediment. 
  • Kulturarv: Registrere og vurdere konsekvensar evt. marinarkeologiske verdiar.
  • Sjøtrafikk / Samfunnssikkerheit: Beskrive konsekvensar for skipstrafikken.
  • Fiskeri: Vurdere konsekvensane for registrerte fiskeri-interesser.
  • Naturmangfold: Vurdere konsekvensane for registrerte marine naturverdiar.
  • Friluftsliv: Vurdere konsekvensane for registrerte friluftsinteresser i sjø.
  • Støy i anleggsfasen: Vurdere anleggsstøy i byggeperioden
  • Andre konsekvensar: Forhold som blir avdekt i reguleringsplanprosessen.

Planområde

Det er definert tre planområde med behov for utdjupingstiltak. Områda ligg om lag 2 – 2,5 km frå kvarandre. Planområda omfattar sjøareal (overflate, vannsøyle og botn) som kan bli påvirka av utdjupingstiltaka i farleiene som skal utbetrast. 
Namn på planområde Størrelse på planområde (dda) Tiltaksområde – Antal og størrelse (daa)
Mortingbåen 480 daa 5 område - 30 daa
Innsegling Florø - Vest 530 daa 4 område - 70 daa
Innsegling Florø - Aust 60 daa 2 område - 7 daa

Innspel og kontaktinformasjon

Synspunkt som har betydning for planarbeidet kan sendast skriftleg eller på e-post innan 30. september 2020 til Norconsult med kopi til Kystverket.

Husk å merke innspela med «2020/1276 Detaljreguleringsplan for Mortingbåen og Florevika – utdjuping av leia». Kinn kommune vil få oversendt kopi av alle planinnspela samla etter at dei er vurdert av Kystverket.

Aktuelle dokumenter

Relaterte dokumenter

Siste nytt