AIS Norge
AIS er eit automatisk identifikasjonssystem som er innført av IMO, sjøfartsorganisasjonen til FN, for å auke tryggleiken for skip og miljø, og forbetre trafikkovervaking og sjøtrafikktenester.
Kystverket etablerte i 2005 nettverket AIS Norge, som består av om lag 70 basestasjonar som fangar opp informasjon om alle skip over 300 bruttotonn som seglar i internasjonal fart.
AIS Norge registrerar tre typar informasjon:
- dynamisk (posisjon, kurs, fart)
- statisk (identitet, skipstype, dimensjonar)
- detaljer om seglinga (destinasjon, antatt framkomsttid, last, djupgåande)
Dekningsområdet til ein AIS basestasjon er avgrensa til VHF- rekkevidde. Kystverket sitt AIS- nettverk dekker, med enkelte unntak, området frå grunnlinja og 40-60 nautiske mil ut frå kysten.
AIS- nettverket mottar alle AIS- meldingar frå farty liggjande innanfor dette dekningsområdet. I 2015 vart alle AIS-basestasjonane fornya og kan da fange opp enda fleire AIS-signal frå skipsfarten over større områder.
AIS er eit viktig overvakingsverkty i den nasjonale beredskapen langs kysten. Kystverket drifter AIS Norge og er ansvarleg for å vidareformidla AIS-informasjon til andre offentlige myndigheiter. Hovudredningssentralane, Kystvakta og politiet er nokon av brukarane som nyttar AIS i sin daglege drift.
AIS Norge har kapasitet til å lagre AIS data over fleire år. Dataen brukast blant anna til å kartlegge transportmønster og trendar i samband med transportplanlegging og analysearbeid.
I Kystdatahuset kan du søke i historiske AIS-data.
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Sørger for isfri sjøvei
I år har vi en «isvinter». Det er 12 år siden sist. Vi sørger for at de mest trafikkerte sjøveiene er farbare. Alle små og store isbrytere er nå i sving.
-
Først i verden
Milepæl: For første gang kan Kystverket sende navigasjonsvarsler til polare strøk ved bruk av satellitter.
-
Podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
- Gå til nyhetsarkiv