AIS som eit operativt verktøy

AIS visar opplysningar om fartøy i sanntid og har stor nytteverdi i sivil maritim trafikkovervaking, men også i samband med fleire andre myndigheitsoppgåve.
Trafikkovervaking
Kystverket opererer i dag fem maritime sjøtrafikksentralar. Desse er lokalisert i Horten, Brevik, Kvitsøy, Fedje og Vardø. Sjøtrafikksentralane driver sivil trafikkovervakning, trafikkregulering, trafikkleiing og anna service overfor sjøvertstrafikk. Formålet er å auke tryggleik og framkomme i farleier med relativt tett og komplisert trafikkmønster.
Saman med radar gir AIS trafikkleiarane eit komplett bilde av trafikksituasjonen innanfor ansvarsområda til sjøtrafikksentralane. AIS-nettverket AIS Norge vart nytta av Kystverket sine sjøtrafikksentralar som ein sensor for informasjon om fartyet sin posisjon, kurs, fart, og identitet. Kystverket sine maritime trafikkleiarar kan også nytta AIS-nettverket til å sende ut tryggleiksrelaterte meldingar til farty. I visse tilfeller kan ein trafikkleiarar nytta AIS-nettverket til å spørje etter AIS-meldingar frå farty eller redusera rapporteringsintervallet for desse.
Sjøtrafikksentralen i Vardø har ansvarsområde i farvatn som ikkje blir dekka av dei fire andre sjøtrafikksentralane og ut til territorialgrensa, med spesiell fokus på skip som fører farleg og forureinande last i transitt langs norskekysten. Denne sjøtrafikksentralen nyttar spesielt AIS data frå satellittane AISSat-1 og AISSat-2 til å følgje med trafikken i havområda utanfor norskekysten og Svalbard.
Oljevernberedskap
For oljevernberedskapen gir tilgang til AIS data rask informasjon om trafikksituasjonen rundt eit meldt oljesøl.
Planlegging av losoppdrag
Losformidlinga, losbåtførarar og losar nyttar AIS informasjon i samband med losoppdrag, som eit verktøy for god og effektiv ressursbruk, logistikk og transport til og frå fartyet.
Transportplanlegging
Kystverket nyttar AIS data til transportplanlegging i farleiene og til å utarbeide statistikk om seglingsbevegelsar. Denne kunnskapen gjer det mogeleg å betre planlegge og leggje til rette for rask, sikker og effektiv sjøtransport.
AIS i kombinsajon med andre system
Ved å kombinere AIS data med andre maritime informasjonssystem kan kvaliteten på statisk og seglingsrelatert informasjon om eit skip bli betydelig forbetra.
AIS bidrar med dynamisk skipsinformasjon (posisjon, kurs, fart) med høy oppdateringsrate og nøyaktigheit. Den statiske (identitet, skipstype, dimensjonar) og seglingsrelatert (destinasjon, ETA, last, djupgåande) informasjonen frå AIS er meir avgrensa i omfang og kan i mange tilfeller vere mangelfull.
Ein kombinasjon av data frå rapporteringssystemet SafeSeaNet Norway (SSN N) kan gi informasjon om fartyet sin destinasjon og estimerte innkomsttid og om fartyet går med farleg eller forureinande last. Dette er viktig informasjon for blant anna sjøtrafikksentralane og oljevernberedskapen til Kystverket. I tillegg gir SafeSeaNet Norway informasjon om tal på personar ombord, som er viktig informasjon under søk og redningsaksjonar.
Kombinert med data frå skipsregistra, som er tilgjengelig i SafeSeaNet Norway, får ein meir eksakt informasjon om sjølve fartyet enn ein vil kunne få frå AIS. Slik informasjon er for eksempel tonnasje, alder, klasse, eigarskap, maskineri, utstyr, lastekapasitet og dimensjonar.
Samarbeidsavtalar
Kystverket har på bakgrunn av internasjonale samarbeidsavtalar tilgang til AIS data frå nasjonale AIS-nettverk i landa rundt Østersjøen og den austlige delen av Nordsjøen. Eit samarbeid med oljeselskap på norsk sokkel om utveksling av data frå AIS-mottakarar på offshoreinstallasjonar er også etablert. Tilgang til AIS data frå offshoreinstallasjonar gir dekning på inntil 100-150 nautiske mil ut frå kysten i dei aktuelle områda.
Kystverket distribuerer data frå AIS Norge til andre offentlige etatar, deriblant Forsvaret, Hovudredningssentralane, Sjøfartsdirektoratet, Tollvesenet, politiet, hamner, Mattilsynet, og Miljødirektoratet.
Siste nytt
-
Flere kartleverandører tilbyr Kystverkets digitale seilingsruter
Navigatører som abonnerer på elektroniske sjøkart fra PRIMAR, får i denne tjenesten nå også tilgang til Kystverkets digitale referanseruter for navigasjon.
-
Tryggere skipsfart i nordområdene
Tilbyr sjøfarende en rekke tjenester som er viktig for sikkerhet, fremkommelighet og miljø i Arktis.
-
Sørger for isfri sjøvei
I år har vi en «isvinter». Det er 12 år siden sist. Vi sørger for at de mest trafikkerte sjøveiene er farbare. Alle små og store isbrytere er nå i sving.
-
Først i verden
Milepæl: For første gang kan Kystverket sende navigasjonsvarsler til polare strøk ved bruk av satellitter.
-
Podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
- Gå til nyhetsarkiv