Publisert: , Oppdatert:
- Malin Dreijer

Vil du bli maritim trafikkleiar?

Maritime trafikkleiarar bemannar Kystverkets fem sjøtrafikksentralar 24 timer i døgnet, året rundt.

Hovudoppgåvene til ein maritim trafikkleiar er å overvake og organisere sjøtrafikken – inkludert å gi informasjon, seglingstillatingar og navigasjonsassistanse til skip. I tillegg har den maritime trafikkleiaren ei viktig rolle i forbindelse med handteringa av ulike hendingar og beredskapssituasjonar langs kysten.

Sjøtrafikksentralane nyttar avansert teknologi og sensorar i arbeidet med å overvake sjøtrafikken, og er bemanna med erfarne skipsførarar og overstyrmenn. Vi har om lag 60 maritime trafikkleiarar, og dei arbeider i skiftordningar tilpassa dei enkelte stasjonane.
Sjøtrafikksentralane til Kystverket er lokalisert i Horten, Brevik, Kvitsøy, Fedje og Vardø.

Ledige stillingar som maritim trafikkleder blir lyst ut ved behov, og blir gjort tilgjengeleg på Webcruiter, samt på www.nav.no.

 

Du kan aktivere varslingar i rekrutteringsløysninga Webcruiter. Då får du varsel på e-post når Kystverket legg ut nye stillingar, inkludert stillingane som maritim trafikkleiar. Aktiver varslingar ved å gå inn på denne sida, og velje "Lagre søk" under logoen til Kystverket.

Kva må til for å bli ein maritim trafikkleiar?

For å bli tilsett som maritim trafikkleiar må du ha nautisk erfaring. I tillegg er nokre eigenskapar spesielt sentrale i arbeidet med å bidra til auka sjøsikkerheit:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheter
  • Høg situasjonsmedviten, og evne til å ta raske avgjersle
  • Evne til samhandling med interne og eksterne aktørar
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode analytiske evner
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • Framtidsretta, engasjert og pålitelig
  • Gode språkkunnskap i skandinavisk og engelsk

Krav til utdanning og erfaring

Opptaksprosessen

Etter utlysinga av ledige stillingar som maritim trafikkleiar, blir aktuelle kandidatar valt ut. Utdanning og erfaring er sentralt. Dei aktuelle kandidatane må utføre arbeidspsykologiske testar og språktestar i engelsk. Dei som består desse testane blir invitert inn til intervju.

Opplæring

Når du blir tilsett som maritim trafikkleiar får du grundig opplæring over tid for å verte godt rusta til oppgåva. I korte trekk er opplæringa delt i to deler; ein lokal og ein nasjonal.

Lokal autorisering for eit spesifikt tenesteområde

Trafikkleiarane får opplæring i lokale instrukser og regelverk som gjelder for det aktuelle tenesteområdet til sjøtrafikksentralen man blir tilsett ved. Opplæringa fullføres ved å bestå ei autorisasjonsprøve.

Denne opplæringa gir autorisasjon til å tenestegjer ved den aktuelle sentralen. Alle trafikkleiarar må ta den lokale autorisasjonsprøva på nytt kvart år for å behalde autorisasjonen.

Nasjonalt tenestebeviskurs (basiskurs)

Trafikkleiarar må gjennomføre eit tenestebeviskurs (TBK). Dette kurset er generelt, og basert på internasjonale retningslinjer som er tilpassa norske forhold. Her blir det gitt opplæring i nasjonale prosedyrar og regelverk som gjeld for heile tenesta.

Etter gjennomført kurs og godkjent tenestebevisprøve får ein utdelt eit tenestebevis som viser at ein kan tenestegjer som maritim trafikkleder i Norge. Tenestebeviskurset bygger på IALA modulkurs (V103-1).

Oppdateringskurs: Tenestebeviskurset må fornyast minst kvart femte år med eit oppdateringskurs. Oppdateringskurset baserer seg også på IALA modulkurs V103, med påbygging av ytterlegare moment og repetisjonar i form av simulatortrening.

Pilot & VTS Resource Management Course (BRM/CRM): I tenestebeviskurset inngår også Bridge Resource Management, eit kurs som i Kystverket har gitt namnet ”Pilot & VTS Resource Management Course”. Dette er eit skreddarsydd kurs som tek utgangspunkt i tabell A-11/2 av STCW. I kurset vil man i simulator øve på samhandling mellom sjøtrafikksentraltenesta og lostenesta basert på Kystverkets egne prosedyrar. Kurset må fornyast kvart femte år, og inngår som en del av oppdateringskurset.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Malin Dreijer, seniorrådgjevar ved Senter for los og VTS.