Kva med kulturminna på kysten vår?
Nettopp "vern og dokumentasjon av kulturminna på kysten" er hovudtema for den nasjonale kystkulturkonferansen som i år finn sted i Florø 3.-5. mai.
Årets konferanse set søkjelys på aktuelle utfordringar knytt til vern og dokumentasjon av kystens kulturminne, mellom anna:
- Korleis kan oppfølginga av Riksantikvaren sin nasjonale plan for vern av fartøy bidra til eit meir representativt og heilskapleg fartøyvern?
- Kva er gode tilnærmingar for vern og dokumentasjon av kystens industrianlegg, kulturmiljø og kystlandskapet?
- Kva er fornuftige retningar for framtidig vern og dokumentasjon av kystkulturen m.o.t. representativitet, samarbeidskonstellasjonar og arbeidsprosessar?
Den siste dagen vert det sett nærare på konkrete utfordringar knytt til oppfølging av Kystverket sin landsverneplan for maritim infrastruktur. I anledning av at det sjette heftet i serien "Fortellinger om kyst-Norge" vert lansert på konferansen, skal ein også utforske korleis havbruksnæringa best kan dokumenterast. Innimellom vert det tid til nokre innblikk i den regionale historia, til besøk på Kystmuseet og ein ekskursjon til fiskeværet Kalvåg.
Riksantikvaren, ABM-utvikling, Fiskeridirektoratet og Kystverket står som arrangørar. Programmet er utarbeidd i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune, Florø kommune og Kystmuseet i Sogn og Fjordane. Konferansen er eit bidrag til markeringa av 150 års jubileet for Florø by.
Konferansen er ope for alle som har kystkultur som interesseområde. Velkommen!
Kystinfo kart

Siste nytt
-
Ny podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv