Publisert: , Oppdatert:

Oppseiing av særavtalen for losbåtførarar

Særavtalen med losbåtførarforbundet er oppsagt med verknad frå 1. januar 2012. Dette betyr at tilbringartenesta for los skal utførast etter Hovudtariffavtalens fellesbestemmingar frå same dato.

Det arbeidast med å setje opp nye vaktplanar  for dei 115 losbåtførarane som er fordelt på 16 stasjonar i Noreg. I følgje avdelingsdirektør Arve Dimmen ved sjøsikkerheitsavdelinga i Kystverket vil etaten tilsette meir personell om det blir behov for det.


I periodar kan det også bli aktuelt med inneleige av ekstrakapasitet samt at Kystverket også kan gjennomføre andre lokale løysingar.– Nye vaktplanar vil bli innført frå 1. januar, og planane vil bli tilpassa basert på erfaringane vi får. Samtidig set vi i gang eit arbeid med å gjennomgå den strukturen vi har i dag. Vi må gå ut i frå at det blir endringar, men kvalitet og sikkerheit for både for losbåtførarar og losar vil vere sentralt, seier Dimmen.

Omlegginga skjer på grunn av at dei som fører losbåtane har hatt ein eigen, lokal tariffavtale som no er sagt opp fordi den vart for dyr, og det betyr at ein ikkje kan vere fullt så fleksible som før når det gjeld  arbeidstid.

– Kystverket har eit godt servicenivå på denne tenesta i dag, og den servicen ønskjer vi å oppretthalde. I den grad dette går ut over tilgjenge i ei overgangsperiode, vil vi i dialog med brukarane ved den enkelte stasjon gjere tilpassingar som best muleg tek i vare lokale behov. Lostenesta er hundre prosent brukarfinansiert, og vi er opptatt av å holde kostnadane nede, forklarar Dimmen.

– Losbåtførarane er ei viktig faggruppe, og vi set høgt den innsatsen som blir utført kvar dag av den enkelte for å bidra til kvalitative gode lostenester, presiserer Arve Dimmen, direktør for sjøsikkerheitsavdelinga i Kystverket.

For meir lokal informasjon kontakt losoldermann for det aktuelle området:

Siste nytt