Publisert: , Oppdatert:

Auka aktivitet langs kysten i 2010

Kystverket gjennomførte om lag 45 000 losoppdrag i 2010, som er ein auke på 6 prosent i høve til 2009. Talet på registrerte seglingar der navigatøren har farledsbevis for kystseglas auka med 17 prosent til om lag 46 500. Totalt har lospliktig trafikk auka med 11 prosent til om lag 94 000.

– Dette viser at aktiviteten har auka etter ”botnåret” 2009, då vi hadde 12 prosent nedgong i talet på losoppdrag. Dette var året då finanskrisa slo inn med full tyngde, og tala for 2010 stadfestar no at aktiviteten har auka. Talet på losoppdrag er normalt ein god indikator på den generelle aktiviteten langs kysten, seier Arve Dimmen, direktør for Kystverkets sjøsikkerheitsavdeling.

Aktivitetsauken skriv seg primært frå lasteskip, mens offshorefarty, taubåtar og fiskefarty har ein liten nedgang. For tankskip og passasjerskip er tala om lag som i 2009.

Størst auke i Nordland

Auken i talet på losoppdrag finn vi i region Nordland (18.6 prosent), region Sør-Øst (11.4 prosent) og region Midt-Norge (11.4 prosent). Nordland og Oslofjorden var også dei områda der reduksjonen i losoppdrag var størst i 2009. Generelt er framleis aktiviteten noko lågare enn før finanskrisa slo inn; unnataket er region Midt-Norge der ein snart er tilbake på nivået frå 2008.

Av enkeltstasjonar er det Brevik som har flest losoppdrag (5 073), mens Karmøy (4 538) og Fedje (4 056) kjem like bak.


Tala syner elles at halvparten av alle losoppdraga var på farty mellom 2000 og 8000 bruttotonn (BT). 7 prosent var på farty under 70 m lengde, ei gruppe som i hovudsak er unnateke generell losplikt i dei nye lospliktreglane gjeldande frå 1 jan 2011.

Lostenesta er finansiert av brukaravgifter, og det vart totalt fakturert over 200.000 losingstimar i 2010.

Kontaktpersonar:
Sjøsikkerheitsdirektør Arve Dimmen, mob. 951 90 595
Seniorrådgjevar Harald Borgø, mob. 906 51 121

Siste nytt