Kystverket har overteke ansvaret for risikolast-statistikk
Heilt sidan Vardø trafikksentral vart opna i 2007, har Forsvaret hatt ansvaret for å utarbeide statistikken over transport av farleg og forureinande last i nord. I mai overtok sjøtrafikksentralen dette ansvaret.
Vardø trafikksentral har medverka med delar av den informasjonen Forsvaret har nytta i statistikken.
– Vi har no kome så langt i utviklinga av våre eigne system og registreringar at tida er inne for også å overta ansvaret for denne risikolast-statistikken, seier Ståle Sveinungsen, sjef ved Vardø trafikksentral. Han understrekar at sjøtrafikksentralen, både i denne og andre saker, har eit særs godt samarbeid med Forsvaret.
Det formelle ansvaret vart overført til Vardø trafikksentral i byrjinga av mai, med verknad frå 1. januar i år.
– I perioden frå nyttår og fram til den første statistikken blei lagt ut, har vi arbeidd tett opp mot Forsvaret og andre aktørar for å skape eit best mogleg produkt, seier Sveinungsen, og peikar på nokre små justeringar som er gjort samanlikna med tidlegare statistikk.
Den største endringa er at utskipinga av gass frå Melkøya er skilt ut på eigne ark i statistikken, medan den tidlegare var integrert i den øvrige informasjonen.
Det er også gjort ei litt anna inndeling av type last, sjølv om ein framleis held seg til kva kvart einskild farty rapporterer inn.
– Etter kvart som vi skaffar oss erfaring og ikkje minst får respons frå brukarane, kan nok statistikken bli ytterlegare justert for at nytteverdien skal bli som god som mogleg, seier Sveinungsen.
Siste nytt
-
Ny podkast: Teknologi og mennesket som "sensor"
Hør Odd Sveinung Hareide fortelle om lostjenesta, innovasjon og digitalisering i Kystverket.
-
Høring av forskrift om kommunal beredskap mot akutt forurensning
Kystverket forslag til forskrift om kommunal beredskap er nå ute på høring. Forskriften vil erstatte forurensningsforskriften kapittel 18A om kommunal beredskap mot akutt forurensning.
-
Hør podkaster fra Kystverket
I samarbeid med Lørn.tech har Kystverket spilt inn en podkastrekke, der de overbyggende temaene er teknologi, utvikling og innovasjon. I podkastene blir vi også bedre kjent med Kystverket og etatens samfunnsansvar og oppgaver.
-
Anbefaler nasjonalt maritimt responssenter
Sjøfartsdirektoratet og Kystverket har utarbeidet forslag til maritim strategi for digital sikkerhet. Etatene kommer med flere konkrete anbefalinger, inkludert etablering av nasjonalt responssenter.
-
Ny organisering av Kystverket frå 1. januar
– Brukarar og samarbeidspartnarar skal ikkje merke noko til organisasjonsendringa vår. Vi er framleis til stades langs heile kysten, med dei same oppgåvene – og med minst like høg servicegrad som før, seier kystdirektør Einar Vik Arset.
- Gå til nyhetsarkiv