Publisert: , Oppdatert:

"Murmansk"-riving nærmar seg

Etter ein utfordrande vinter har anleggsarbeidet ved vraket av "Murmansk" for alvor kome i gong igjen. Ein tek sikte på å starte tømminga av tørrdokken i slutten av mai, og då vil rivinga av vraket iverksetjast rundt 10. juni.

Vêret på finnmarkskysten har skapt store utfordringar for framdrifta i vinter, men no er altså arbeidet med å konstruere ein tørrdokk rundt vraket av den russiske kryssaren "Murmansk" utanfor Sørvær i full gong igjen.

– Vinteren har spelt oss eit puss i år, men vi har likevel klart å gjere noko positivt ut av det. Sidan kjerneoppgåvene med spunting og transport av masse har blitt forhindra, har ein i staden brukt ledig kapasitet til å forberede rivinga ombord på vraket. "Murmansk" har ein komplisert oppbygging, og det er naudsynt å utføre store manuelle rivingsoperasjonar før den maskinelle og varme rivinga startar. Vi har vunne mykje tid på å gjere dette no, fortel Øyvind Omnes, prosjektleiar hos AF Decom, entreprenør for fjerninga av "Murmansk".

– Alle som er med på prosjektet ser no fram til at tørrdokken blir tømt slik at rivingsarbeidet for alvor kan starte. Rivinga skal ferdigstillast i løpet av hausten/vinteren 2011, legg Kystverkets prosjektleiar Knut Arnhus til.

Han oppfordrar interesserte til å følgje framdrifta i det spektakulære prosjektet på webcam

Siste nytt