Publisert: , Oppdatert:

Kystverket vil utvide samarbeidet med Redningsselskapet

Kystverket samarbeider nært med Redningsselskapet i beredskapssaker. No ønskjer Kystverket å utvide dette samarbeidet, og denne veka er det underskrive ein avtale om korleis ressursane til Redningsselskapet skal kunne inngå i den nasjonale beredskapen mot akutt forureining.

Kystverket vil sjå på om ein kan nytte den raske responstida Redningsselskapet har langs heile kysten. Redningsskøytene er utforma med tanke på å ha høg fart. Dei fleste skøytene har beredskap 24 timar i døgnet, og fleire har relativt god slepekraft. Fart og stasjonering av båtane gjer at dei kan vere til til stades innan to timar ved hendingar på sjøen. Operasjonsområdet til redningsskøytene er primært for kystnære farvatn.

– Vi ønskjer å sjå om redningsskøytene kan bistå meir i første fase av ein oljevernaksjon, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Kystdirektøren er glad for avtalen som er gjort mellom Kystverket og Redningsselskapet.

– Vi kjem til å gå gjennom og sjå på moglege nye samarbeidsformer, seier Slotsvik.

Generalsekretær Øyvind Stene i Redningsselskapet seier at dei er særs opptekne av at redningsskøytene kjem mest mogleg til nytte, og han er derfor glad for avtalen.

Kystverket og Redningsselskapet vil også teste ut oljevernlekterar og den kapasiteten redningsskøytene har for å kunne legge ut lenser. Kystverket ønskjer at lensene og utstyret på lektarane til Redningsselskapet skal vere betre eigna til aksjonar. Det skal gjerast ein eigen avtale om langtidsdrift av to lekterar. Den eine av lekterane skal vere stasjonert på Hvaler.

Kystverket kjem dessutan, i samråd med Redningsselskapet, til å vurdere om redningsskøytene kan nyttast meir til slepeoppdrag og til å fjerne drivande gjenstander i sjøen.

Siste nytt