Publisert: , Oppdatert:

Vil styrke samarbeidet

Representantar frå Kystverket og Fiskeridirektoratet har i eit fellesseminar i Ålesund drøfta mellom anna marin arealforvaltning, planlegging og tilsyn. Formålet er å utvikle eit enda betre samarbeid i saker som omfattar begge etatane.

– Staten er fragmentert i ulike departement og direktorat som sit med sine ulike sektoransvar. Då er det viktig at vi har slike forum der vi kjem saman for å drøfte korleis ein best muleg kan samkøyre og koordinere seg i felles saker og prosessar, seier avdelingsdirektør Vigdis T. Bye i Kystforvaltningsavdelinga.

– Vi ønskjer å utvikle og bevare eit godt samarbeid mellom etatane. Det inneber at vi har klare roller, med kjennskap og respekt for kvarandre sine roller i slike prosessar. Vi bør strebe etter tidleg kontakt i prosessane og samarbeide når det er hensiktsmessig, seier fiskeridirektør Liv Holmefjord.

Utfordringar

Seminaret omfattar ikkje berre Kystverket og Fiskeridirektoratet. Eksterne foredragshaldarar er også inviterte. Representantar frå kommuner, fylkeskommuner og konsulentselskap som mellom anna presenterer ulike problemstillingar knytt til planleggingsarbeid i skjeringspunktet mellom hamne- og farvasslova og plan- og bygningslova.

– Etter første dag av seminaret har vi mellom anna notert oss at det er viktig at ein kjem med i prosessane frå starten av, at ein kjem med tydelege og konkrete tilbakemeldingar, samt at ein er samkøyrt og opptrer samla. Det overordna målet må vere å få til effektivisering og forenkling av prosessane, oppsummerer Vigdis T. Bye

Siste nytt