Publisert: , Oppdatert:

Fokus på fyrstasjonar i Midt-Norge

Tidleg i oktober 2011 inviterte Kystverket Midt-Norge alle leigetakarane ved fyrstasjonane i regionen, dvs frå Nord- og Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal til leigetakarsamling.

Bildet viser dei fleste av møtedeltakarane utanfor Hovde Gård. ; Foto: Knut Gjerde
Bildet viser dei fleste av møtedeltakarane utanfor Hovde Gård. ; Foto: Knut Gjerde

Oppmøtet i år var svært godt; tilsaman ca 50 personar var samla på Brekstad i Ørland kommune. Det var påmeldt representantar frå 18 fyrstasjonar, så samlinga representerte eit vidt spekter av fellesskap og ulikheit.

Idealisme

Ei felles tilbakemelding frå gruppene var idealismen knytt til verdien av å ta vare på dei rotekte fyrstasjonane, slik at dei kan framstå til beste for fellesskapet. Dette er viktige signal til både Kystverket og politikarar!

Samling på Brekstad

Samlinga, som er ein viktig arena både for leigetakarane og eigaren, Kystverket Midt-Norge, vart gjennomført på Hovde Gård, den tidlegare husmorskulen på Brekstad. Trass i at det på Brekstad var arrangert blues-festival denne oktoberhelga, var det ikkje vanskeleg å halde fokus på Kystverket si samling, med stort engasjement frå alle frammøtte.

Siste nytt