Publisert: , Oppdatert:

Vellukka dialogmøte med norske hamner

Saman med KS Bedrift Havn og Norsk havneforening, hadde Kystverket invitert til dialogmøte med norske hamner 2. november. Temaet for møtet var utvikling innan sjøtransport og hamner, særleg knytt til samarbeidet og dialogen mellom hamnene, interesseorganisasjonane til hamnene og Kystverket.

Kystverket, interesseorganisasjonane til hamnene, og om lag 20 hamner var til stades på dialogmøtet i Ålesund. Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket
Kystverket, interesseorganisasjonane til hamnene, og om lag 20 hamner var til stades på dialogmøtet i Ålesund. Foto: Olav Helge Matvik/Kystverket

Om lag 20 av dei største norske hamnene var representert på møtet, der dei mellom anna fekk gje uttrykk for kva dei opplever som dei største utfordringane for vidare utvikling av hamne-Noreg og sjøtransporten.

Klare bodskap

Mellom anna fekk deltakarane ein gjennomgang av organisering og status for arbeidet med Norsk transportplan (NTP) og hamnesikringsarbeidet (ISPS). Og bodskapa frå hamnene var tydelege; dei ønskjer å bli meir involvert i NTP-prosessane for å styrke sjøtransportandelen og få ein meir heilskapleg fokus på infrastruktur i dette arbeidet, og etterlyser meir forutsigbarheit og rasjonalitet i forhold til ISPS-arbeidet. Andre innspel gjekk på at ein saknar meir einsarta sakshandsaming frå region til region, klare visjonar for sjøtransporten og forutsigbare rammevilkår for hamnene.

Utviklar samarbeidet

Både ris og ros blei delt ut, og Kystverket sin initiativtakar til møtet er nøgd med resultatet.

– Kystverket sine regionkontor skal framleis vere det primære kontaktpunktet for hamnene, ikkje hovudkontoret, men slike dialogmøter som dette vil vere nyttige forum for å utvikle samarbeidet vidare – til fordel for alle. Dersom vi skal styrke sjøtransporten og hamnene vidare er det viktig at vi har eit godt samarbeid, og då må alle partar få høve til gje uttrykk for kvar "skoen trykkjer". Ein overordna sjøtransportpolitikk bør vere eit felles mål som alle partar må bidra til å setje på den politiske dagsorden, fortel Vigdis T. Bye, direktør for Kystverket si Kystforvaltningsavdeling.

Næringsutvikling

Fleire av hamnene reiste også ulike interessante problemstillingar knytt til hamna som næringsutviklar.

– Dette er noko vi vil diskutere nærare med hamnene framover, og det vil kanskje vere eit naturleg tema å ta opp på neste dialogmøte. Hamnene gav nemleg uttrykk for at det er ønskjeleg å halde fram med denne type dialog, så vi vil no setje opp ein møtestruktur for vidare dialog med hamnene, fortel Bye.

Relaterte dokumenter

Siste nytt