Publisert: , Oppdatert:

Har kartlagt status for fiskerihamner

Fiskeridirektoratet og Kystverket har gjennomført ei kartlegging av dei statlege fiskerihamnene, med tanke på Kystverket si avhending av fiskerihamner som ikkje lenger er næringsaktive. Kartlegginga, som er gjort i perioden juni–november i år, har involvert samtlege regionkontor i Fiskeridirektoratet.

Fiskerihavna på Røst (Illustrasjonsfoto)
Fiskerihavna på Røst (Illustrasjonsfoto)

Arbeidet er gjort etter initiativ frå Kystverket, som forvaltar dei om lag 600 statlege fiskerihamnene i landet. Forvaltinga inneber planmedverknad i arealplanar, vurdering av avlesing av rettigheiter, utleige av areal, inngåing av driftsavtalar, løyver til tiltak etter § 28 i hamne- og farvasslova, med meir. I dei fleste sakene blir regionkontora til Fiskeridirektoratet kontakta for å avklare fiskeriinteressene i den aktuelle hamna.

Mange av desse statlege fiskerihamnene er i dag ikkje-næringsaktive. Gjennom statsbudsjetta dei siste åra har Kystverket difor hatt i oppdrag å utføre ei avhending eller overføring av slike ikkje-næringsaktive fiskerihamner til nye formål.

Ved å avhende hamner som ikkje lenger er viktige for fiskerinæringa, frigjer Kystverket kapasitet og ressursar til forvaltinga av dei fiskerihamnene som er aktive.

Heilskapeleg vurdering

Samarbeidet mellom Kystverket og Fiskeridirektoratet har sikra ei heilskapeleg vurdering av fiskerihamnene. Kystverket utarbeidde først eit forslag med fylkesvis og kommunevis oversikt over statlege fiskerihamner, der ei førebels vurdering av næringsaktiviteten var gjort. Vurderingane var då basert på Kystverkets eigen kunnskap om aktiviteten i hamnene, og dels også på konklusjonar som tidlegare var gjort i samråd med Fiskeridirektoratet.

Fiskeridirektoratet har no gjort ei nærare vurdering av næringsaktiviteten. I vurderinga har ein også sett på totaliteten av hamnene i området, slik at ein sikrar mottaksmoglegheiter og fiskerihamner i rimeleg omfang innanfor det enkelte fylke/region.

Klassifiseringa av den enkelte hamn er avklart med lokale fiskarlag og kystfiskarlag, samt med Norges Fiskarlag og Norges Kystfiskarlag sentralt.

Den vidare prosessen

Kystverket vil no gå gjennom innspela frå Fiskeridirektoratet, og sjå desse i samanheng med førebelse vurderingar som regionkontora til Kystverket allereie har føreteke. Det ligg an til at minst 200 hamner vil bli vurdert som ikkje lenger næringsaktive eller naudsynte for fiskeriinteresse. Men det er ikkje dermed sagt at desse fiskerihamnene vil bli avhenda.

Fiskeridirektoratet sine vurderingar inngår i grunnlagsmaterialet for den vidare prosessen med å utarbeide ein strategi for avhending av ikkje-næringsaktive fiskerihamner. Om ei fiskerihamn etter kvart vert avhenda, vil bli avgjort gjennom ei totalvurdering som vert gjort for kvar enkelt hamn.

Med andre ord; sjølv om ei fiskerihamn vert vurdert som at den "kan avhendast", betyr ikkje det at den skal avhendast.

Det arbeidet som Fiskeridirektoratet no har gjennomført medfører også at Kystverket ikkje treng å konferere med dei når det gjeld søknader om løyve til tiltak og anna i hamner som Fiskeridirektoratet meiner ikkje lenger er naudsynte i høve fiskeriinteressene.

Fakta

Fiskerihavnebegrepet (NOU 1990:29 Norsk fiskerihavneplan)

• Havner/havneavsnitt som primært har til oppgave å dekke fiskefartøyenes behov for trygge liggeplasser

• Havner/havneavsnitt som er tilrettelagt for virksomheter innen fiskerinæringen med formål:

  • Mottak av fisk
  • Foredling/produksjon av fisk/fiskeprodukter
  • Videre- transport av fisk/fiskeprodukter
  • Service overfor fiskefartøyer/mannskap

Siste nytt