Publisert: , Oppdatert:

Kystdirektøren opna losstasjon i Florø

Tysdag 1. november opna kystdirektør Kirsti Slotsvik Florø losstasjon. Dette er fyrste gong på fleire tiår at Kystverket etablerer ein ny losstasjon.

Florø losstasjon.
Florø losstasjon.

─ Etter ein vellykka testperiode ser vi frem til å etablere ein permanent losstasjon i Florø. Florø har ei levande næringsverksemd med stor utvikling, og etableringa av ein losstasjon i Florø gjer at vi kan tilby brukarane av lostenesta ein større grad av service og kome deira behov i møte på ein god og effektiv måte, seier kystdirektør Kirsti Slotsvik.

Losstasjonen vil vere fast bemanna med seks statslosar, og dekke området frå Ålesund i nord til Korsfjorden i sør. Kystverket har hatt ein midlertidig losstasjon i Florø sidan 2008, som har vore bemanna med losar frå losstasjonane i Bergen, Viksøy og Fedje.

Trafikken aukar  

Ein større oppdragsmengde i kombinasjon med eit aukande behov knytt til industriutviklinga i området, ligg til grunn for at Kystverket har valt å etablere ein permanent losstasjon i Florø. I 2007 blei det registrert over 840 losoppdrag i virkeområdet til den midlertidige losstasjonen. Dette talet auka til om lag 1100 oppdrag i 2010. Tal registrert så langt i år tydar på ei ytterligare trafikkauking i 2011.

Betre service for brukarane

Etableringa av Florø losstasjon vil auke servicegraden til skipstrafikken som trafikkerer området ved å redusere ventetida på los, og bidra til meir effektiv bruk av ressursane til lostenesta.

Fakta

  • Florø losstasjon blir den 19. losstasjonen langs norskekysten, som vart etablert og drifta av Kystverket.
  • Florø har lange lostradisjonar. På 1800-talet blei losing i Florø-området utført i privat regi. Frå 1930-tallet og fram til Kystverket oppretta den midlertidige losstasjonen i Florø i 2008, vart losinga organisert av havnevesenet i Florø.
  • Lostenesta har ansvar for å tilføre mannskapet om bord i farty nødvendig kjennskap til farvatnet for å bidra til å trygge ferdsla på sjøen og verne om miljøet.
  • Lostenesta er operativ og tilgjengeleg 24 timer i døgnet, heile året.

Siste nytt