Publisert: , Oppdatert:

Stortingskomité på vitjing hos Kystverket

Gå til mediasiden og last ned originalfiler

I dag, tirsdag 8. november, er Stortingets transport- og kommunikasjonskomité på vitjing hos Kystverkets hovedkontor i Ålesund, for å få eit innblikk i etaten sitt virke.

På møtet blir tema som sjøtransport, Nasjonal transportplan (NTP), maritime tenester, havovervaking og oljevern teke opp. I tillegg har komitéen fått omvising på "Oljevern 04", som er eitt av Kystverket sine farty.

– Det er både interessant og nyttig å vere med på slike møter og omvisingar. Når vi er ute og får sjå ting med eigne auge, slik som no, får ein eit mykje betre inntrykk av kva det dreiar seg om, enn ein ville fått om ein berre skulle lese sakspapir eller sitje i eit møte i Oslo, fortel Bård Hoksrud (Frp) og Øyvind Halleraker (H) under omvisinga.

Kystverket sine representantar er også nøgd med møtet.

– Vi har hatt eit godt møte, der vi har fått fortalt om vårt virke og kva utfordringar vi ser for oss vidare framover. Og då er det sjøvsagt positivt at komitéen mellom anna signaliserar at den er opptatt av å få meir transport over til sjø, seier assisterande kystdirektør Per Jan Osdal.

Siste nytt