Publisert: , Oppdatert:

Omfattande krigsvraktømming i gong

Denne hausten skal fleire gamle krigsvrak tømmast for olje. På HMS "Bittern" utanfor Namsos er ein allereie i gong med tømminga. Deretter er det vraka av "Erich Giese" og "Neuenfels" i Ofotfjorden utanfor Narvik og vraket av "Boardale" utanfor Vesterålen som står for tur.

I statsbudsjettet for 2011 vart det løyvd 30 millionar kroner til å følgje opp Kystverket sin vrakrapport frå 2006. I denne rapporten vurderte Kystverket naudsynte tiltak mot mogleg akutt oljeforureining frå skipsvrak langs norskekysten.

HMS ”Bittern”

HMS ”Bittern” var ikkje blant dei fem vraka som var prioriterte for tiltak, men når det tidlegare i år oppstod akutt oljelekkasje frå vraket, måtte lekkasjen handterast. Tømminga av HMS ”Bittern” vert gjennomført innanfor den same løyvinga, mellom anna fordi bruken av eit fartøy frå den statlege slepebåtberedskapen som operasjonsplattform er med på å redusere kostnadene.

– Eg er glad for at Kystverket no er i gang med å tømme vraket HMS ”Bittern” ved Namsos for olje. Lekkasjar av olje frå vrak kan vere ein trussel mot naturen, og lekkasjen frå HMS ”Bittern” er det nødvendig å handtere raskt, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen i samband med at vraktømminga er iverksett.

Krigsgrav

Sidan "Bittern" er krigsgrav for 20 britiske soldatar, vart det 13. september lagt til rette for ei minnemarkering over vrakposisjonen. Den engelske marinepresten Scott J. Brown og Sjøforsvaret sin prest Leif Tore Michelsen sørgde for at det blei ei verdig markering.

Det er Frank Mohn AS som er tildelt alle dei fire oppdraga, etter ein offentleg anbodskonkurranse.
Vraka skal tømmast ved hjelp av ein miniubåt (ROV). Først borar ein eit hòl i skroget, deretter blir oljen pumpa ombord i overflatefartyet.

Kystverket har fått utarbeidd ein informasjonsfilm om vraktømming, som mellom anna ligg tilgjengeleg på Kystverket si side på Facebook. Der vil det også bli lagt ut informasjon om prosjektet.

Fakta

  • Tyske fly bomba det britiske fartyet HMS "Bittern" i april 1940, og det vart seinare søkkt. I 1996 blei vraket gjenoppdaga, på 150 meters djupne utanfor hamna i Namsos. Tidlegare i år blei det oppdaga ein oljelekkasje frå vraket, noko som medverka til at det no vert prioritert å tømme det. Vraket er krigsgrav for 20 britiske soldatar
  •  ”Erich Giese” vart søkkt 13. april 1940, berre 300 meter frå land utanfor Narvik. Vraket ligg stabilt på 60–70 meters djupne. 83 mann frå den tyske besetninga følgde jagaren ned, og vraket er dermed også ei krigsgrav.
  • Det tyske dampfartyet "Neuenfels" blei 10. april 1940 skadd av ein britisk torpedo medan det låg i hamna i Narvik. Tre dagar seinare valde besetninga å senke fartyet. Det står på eigen kjøl, på om lag 10–30 meters djupne i hamnebassenget i Narvik.
  • Det engelske tankfartyet "Boardale" grunnstøytte 30. april 1940 i Åsandfjorden, på veg til ein alliert konvoi i Narvik-området med flybensin. Fartyet tok inn vatn etter grunnstøytinga, og sakk nokre dagar seinare utanfor Bø i Vesterålen. Vraket ligg på 70 meters djupne.

Siste nytt