Publisert: , Oppdatert:

Statsbudsjettet 2012: Meir pengar til beredskap og BarentsWatch

Kystverket får 15 millionar kroner meir til beredskap mot akutt forureining i 2012. Andre budsjettnyheiter er at BarentsWatch får 30 millionar kroner, medan Kystavgifta vert redusert.

Løyvinga til beredskap mot akutt forureining aukar med 15 millionar kroner neste år. ; Foto: Kystverket
Løyvinga til beredskap mot akutt forureining aukar med 15 millionar kroner neste år. ; Foto: Kystverket

Styrka beredskap mot akutt forureining

For å styrkje beredskapen mot akutt forureining foreslår regjeringa å auke løyvinga til beredskap mot akutt forureining med 15 millionar kroner i budsjettet for 2012. - Den auka løyvinga skal gå til å styrkje grunnberedskapen langs kysten, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen

Foreslår 30 millioner til etablering av BarentsWatch

- BarentsWatch er eit heilhetlig overvåkings- og informasjonssystem for dei nordlige hav- og kystområda og ein viktig del av regjeringa sin nordområdestrategi. Regjeringa foreslår derfor å løyve 30 millioner kroner til BarentsWatch i budsjettet for 2012, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Kystavgifta vert ytterligare redusert

– Regjeringa følgjer opp Nasjonal transportplan på sjøtransportområdet ved å igjen redusere kystavgifta. Ein skal ikke køyre lenge på vegane i Noreg før ein ser nytta av å få mykje av godstransporten som går med trailer over på båtar. Med denne reduksjonen held vi fram med å stimulere for å få meir av transporten til å nytte sjøvegen, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Fiskerihamne- og farleiprosjekt

– Fiskerihamner er viktige for å vidareutvikle fiskerinæringa og sikre busetting langs kysten. Tiltak i farleiene aukar sikkerheita og gjer det lettare å ta seg fram i farvatna, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

I 2012 vil det bli sett i gang prosjekt som i følgje handlingsprogrammet til Kystverket skulle ha starta i 2013. Forseringa av prosjekt kjem av at enkelte ferdige prosjekt er blitt billegare enn rekna med, andre har hatt forseinka framdrift og dermed lågare utbetalingsgrad og eitt større prosjekt har falle bort. 

Siste nytt