Publisert: , Oppdatert:

Olje frå "Murmansk"-vraket

Då ein laurdag 10. september byrja å pumpe ut vatnet i dokkonstruksjonen rundt "Murmansk" blei det oppdaga olje frå vraket. På grunn av dokken vil oljen ikkje spreie seg ytterlegare.

Etter to månader med tettearbeid, starta AF Decom laurdag 10. september opp pumpene ved "Murmansk"-prosjektet utanfor Sørvær i Finnmark. Etter at vassnivået i dokken hadde blitt redusert med over fire meter, vart det oppdaga olje og oljefilm inne i sjølve dokkbassenget. På grunn av faren for å pumpe denne oljen på havet, blei pumpene då stansa.

Det viser seg at oljen kjem frå vraket av "Murmansk". Vraket har tidlegare delt seg på midten, og olje har då sannsynlegvis emigrert frå botntankane og inn i dekka. Når vassnivået då vert senka, får oljen flyte fritt ut i dokken.

Tilgjengelege rapportar seier at vraket skal vere tømd for olje, men Kystverket og entreprenøren AF Decom har teke sine forholdsreglar, og har tilgang til oljevernutstyr i dokkanlegget.

Ein slik oljelekkasje kom tidlegare enn forventa. Det viser at metoden med bruk av dokkonstruksjon rundt vraket er særs hensiktsmessig ved slike akutte hendingar, sidan oljen då ikkje forsvinn vidare ut i miljøet.

AF Decom nyttar no dykkarar for å lokalisere oljelekkasjane. Korleis lekkasjane skal handterast vil bli avgjort etter fullført dykkerinspeksjon.

Siste nytt