Publisert: , Oppdatert:

Saman for kystkulturen

Tysdag 13. september 2011 møttest kystdirektør Kirsti Slotsvik, riksantikvar Jørn Holme, fiskeridirektør Liv Holmefjord og direktør for Norsk kulturråd Anne Aasheim på Alnes fyr utanfor Ålesund for å tenke høgt og stort om kystkultur.

– Kystkulturen bør lyftast opp til eit politisk nivå, og det er viktig at ein også har digital formidling av kystkulturen. Det er viktig at vi nyttar musea sin kompetanse på kulturformidling. Etatane må lyfte både kvarandre og andre fram. Formidling av kulturmiljø heller enn enkeltobjekt vil gje publikum ei rikare oppleving, og kystkultur kan godt formidlast saman med andre kjelder til oppleving, slik som natur, arkitektur og kunst, slår dei fire etatsleiarane fast.

Det vart vedteke at Kystverket overtek som koordinator for kystkultursamarbeidet mellom dei fire etatane.

Direktørane underteikna også etatane sin felles handlingsplan for kystkultur.

Relaterte dokumenter

Siste nytt